Historie
Den siste løgna
Alt raknar 30. april 1945. Det går eit døgn før verda får sanne det, og åtte dagar før den europeiske delen av den andre verdskrigen er over.
I testamentet 30.4.1945 utnemnde Adolf Hitler (1889–1945) Ferdinand Schörner til øvstkommanderande for Wehrmacht, som ikkje lenger fanst. Det er eit av dei siste bileta av Hitler, i bunkeren.
Foto: Ukjend
Søndag kveld 29. april fekk Adolf Hitler vite at Benito Mussolini var død, avretta dagen før lengst nord i Italia, nær grensa til Sveits. Den tyske føraren forstod endeleg teikninga og la til rette for sin eigen utgang av nederlaget. Måndag om lag klokka 15.30 gjekk han inn i leilegheita i bunkeren i Berlin saman med Eva Braun. Ho beit over ampullen med cyanid, han trekte av sin Walther PPK 7,65 i munnen.
Tysdag kveld 1. mai sit 24 år gamle Karl Lehmann ved radiomottakaren med hovudtelefonar som vanleg. I utkanten av den vesle byen Reading vest for London, i Caversham Park, følgjer han med på dei tyske radiosendingane. Dei jødiske foreldra Walter og Edith sende Karl og den yngre broren Georg til England i 1936 for å berge dei unna forfølgingane og flyktar sjølve seinare til USA. Saman med om lag tusen andre arbeider Karl ved BBC Monitoring. Det han fangar opp av viktige meldingar, blir omsett og rapportert til britiske styresmakter.
Klokka 21.30 lyttar Lehmann på Reichssender Hamburg, ein av stasjonane til Großdeutscher Rundfunk, på 904 MHz. Då avbryt stasjonen programmet og varslar at det snart kjem «ei alvorleg og viktig melding». Etterpå spelar Hamburg utdrag frå fleire operaer av Richard Wagner og den sakte satsen frå Anton Bruckners sjuande symfoni i E-dur.
Klokka 22.20 kjem det. Som det siste statsoverhovudet i Det tredje riket les storadmiral, no president, Karl Dönitz kunngjeringa. Der Führer har i ettermiddag falle i rikskanselliet, seier Dönitz, medan han i spissen for troppane sine kjempa mot bolsjevismen og for Das Reich heilt til det siste.
«Vi var dei første i Storbritannia som høyrde kunngjeringa», fortalde Karl Lehmann seinare. «Heile bygningen jubla. Vi forstod kva dette innebar, at krigen var over. No kunne eg få sjå att foreldra mine.»
Av dei tusen ved BBC Monitoring passa 40 på dei tyske sendingane. «Hitler var vanskeleg å omsetje», fortel Lehmann i 2018. «Han var forferdeleg til å skrive, og når du las talane hans, gjorde dei ikkje inntrykk i det heile. Noko heilt anna var det å høyre han tale. Hitler stolte på talekunsten sin.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.