Den inter-nasjonale romsdalingen

Kvifor er ikkje Ny-Noreg interessert i den norske lyrikaren som er omsett til heile 37 språk?

Knut Ødegård er ute med ei ny diktsamling, femti år etter debutsamlinga.
Knut Ødegård er ute med ei ny diktsamling, femti år etter debutsamlinga.
Publisert Sist oppdatert

Dett er femti år sidan Knut Ødegård debuterte med diktsamlinga Drøymaren, vandraren og kjelda. Sidan har han gjeve ut meir enn femti bøker, men det er åtte år sidan han gav ut ei samling med eigne dikt sist. No er han ute med diktboka Tida er inne, som endar med diktet «Tida er ute».

For 72-åringen er aldring eitt av fleire tema i boka, og framsida er pryda med eit Munch-måleri som syner ein eldre mann i døropninga, mellom klokka og senga. Fleire av dikta i Tida er inne handlar om dramatiske lagnader, den eine verre enn den andre. Mange av dikta er svarte, og det innrømmer diktaren.

Kona til Ødegård er islandsk, og halve året bur han i Reykjavik. Formelt sett har han budd der i 35 år. Romsdalingen er svært glad både i det islandske språket og i islandsk litteratur. Han er medlem av den islandske forfattarforeininga og kjenner seg heime i kulturlivet der.

Dagen etter stortingsvalet dukkar Ødegård opp på Løve Restaurant & Bar i hovudstaden. Slett ikkje som ei løve, men i dress, svart hatt, raud propell, kvit skjorte og med eit stort og hjarteleg smil om munnen. Han spreier snøgt god stemning, og det er vanskeleg å skjøna at mannen med dei sparsame, gråe krøllene over øyro er i stand til å skriva så skakande dikt.

– Det er lenge sidan debuten i 1967.

– Ja, og sidan den tid har eg vorte ein gamal mann, seier han med kvikt og ungdommeleg blikk.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement