Bertel Haarder
Bertel Haarder har vore dansk minister i 7904 dagar. Få av dei har vore rolege.
I over ein generasjon har Haarder vore Danmarks mest populære minister, både hjå veljarane og hjå ulike statsministrar.
Foto: venstre.dk
Det er noko dobbelt over den karakteristiske utsjånaden til Bertel Haarder. På den eine sida minner han meg om den gamle farfaren min heime på garden, mager og pen i tyet når han skulle ut mellom folk. Haarder ser ut som eldre bønder såg ut før velstanden og fjernsynet velta inn over landa. På den andre sida har han noko av vargen over seg, det er noko med det svoltne blikket og den raske gangen han nyttar når han kjem mot meg på Munch-museet. Men det kan òg vera at kona har gjeve han melding om å få intervjuet snøgt unna.
Det er ikkje til å koma forbi: Eg vil verta likt av Haarder, samstundes som eg er på vakt og er noko redd for mannen. Han har skjelt meg ut før.
I over éin generasjon har Haarder vore Danmarks mest populære minister, både hjå veljarane og ulike statsministrar. Lengda på perioden hans som sitjande minister vert hard å slå. Sidan 1980-åra har han sete i 22 år, som vel må vera dansk rekord, ymtar eg frampå om.
– Nja, om vi avgrensar oss til siste dei 115 åra, har eg rekorden, ja.
Eg har møtt Haarder ved fleire høve. Fyrste gongen var då eg intervjua han for Morgenbladet i 2003. Då var han dansk innvandrings- og Europa-minister og stod i spissen for den kraftigaste innstraminga i innvandringspolitikken nokon gong i eit EU-land, ein politikk ei rekkje land har kopiert seinare. Litt ut i intervjuet byrja eg med den vanlege klisjékritikken om at innstramingane var inhumane, og eg viste til ulike kritikarar. Sverige, Noreg, FN, fandens oldemor og eg vart skjelt ut på ein så kraftfull måte at eg vart stum. Særleg var han irritert på Erna Solberg, som rett før hadde skulda Danmark for ikkje å ville taka attende asylsøkjarar etter Dublin-konvensjonen. «Dette er fullstendig vrøvl!» sa han. «Jeg er lei av at det norske Departementet og ministeren underholder offentligheten med feilaktige påstander!»
Det heile var særs imponerande og altså ikkje så lite skræmande. Men både då eg kom og då eg gjekk, var han blid som ei lerke og særs sjarmerande. Haarder er dansk meister i det amerikanarar kallar sandwichkritikk: Fyrst er ein hyggeleg, så kjem ein med kritikken, og så er ein hyggeleg på ny.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.