Reportasje
Båt til lyst
VOLLEN I ASKER: Inst i Oslofjorden finn vi ei aldri så lita klassereise i teak og mahogni.
Thor Paulsen i gang med å flytte det siste nybygget på verftet inn for vedlikehald. Skjenegangen i bakken er verna og i bruk om sommaren, men udugeleg under snøen.
Foto: Siri Helle
Vanlegvis ligg dei på rekke og rad her, ved Oslofjorden. Vi er vane med at utsikta langs E18 vestover frå hovudstaden er temmeleg dyr: Her ligg juvelane. Ikkje tiarane, ikkje hundrelappane, ikkje ein gong tusenlappane kjem ein langt med i desse omgjevnadene. Då treng ein i det minste hundrevis av dei. For her ligg lystbåtane. Her ligg hytte nummer to eller tre, seier vi. Her ligg overskotet.
På avstand ser dei slik ut. Like. Dyre. Som perler på ei snor. I røynda er dei cabincruiserar og små, kjappe skjergardsjeepar, overrigga skarpseglarar til å vinne Færder-seglasen med og underrigga kosebåtar skapte for å segle sakte inn i solnedgangen. Båtar i plast, glasfiber, stål og innimellom, kanskje litt meir enn innimellom, ein og annan i tre.
Her er dei som skin om kapp med sola, blankpussa og påkosta, og her er dei som bør halde seg i fortøyingane, då det er lite anna som held dei saman. Kort sagt, dei er som oss, ulike, og vi er vane med dei. Vane med duppande prikkar i horisonten om somrane, skippermøteannonsering på Reiseradioen, jollesegling i småspeidaren og solosegling kring heile jorda fortast mogleg på Sportsrevyen.
Men kva er det eigentleg vi er vane med? Kvar kjem desse båtane frå? Dei er jo ein del av kystkulturen, og då må dei jo òg kome frå ein tradisjon. Kven har skapt denne tradisjonen, og kven ber han vidare i dag?
Djup bukt og dyre båtar
«Formålet med fredningen av Holmen Yachtværft er å bevare et helhetlig anlegg som representerer kontinuiteten og utviklingen fra den elitepregede seilsporten før andre verdenskrig, frem til den mer folkelige lystseilasen som utviklet seg etter krigen», skriv Riksantikvaren i vedtaket som vernar delar av anlegget til verksemda eg no er på veg til. Skal vi tru dei, har altså fritidsbåthaldet folkeleggjort seg dei siste sytti åra.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.