JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Feature

Balladen om Annæus Myklevand

Båten er ikkje klar, men som erstatning byr vi på ei spektakulær røvarhistorie frå røynda. Hugo Aasjord er kunstnar, og oldefaren freista å gjere kunst av sine kriminelle affærar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Annæus Eriksen Myklevand rundt nyttår 1907–08 etter at han blei innhenta av lovens lange arm i Sarpsborg. Då hadde han vore på rømmen, mistenkt for bedrageri fleire plassar.

18808
20230505
18808
20230505

redaksjonen@dagogtid.no

Hugo plukkar meg opp på kaia i Bogøy, og vi køyrer over brua heim til Mette og han. Det tek ei stund før eg blir merksam på det, men i baksetet sit den gylne hunden Topsi, stille og veloppseda med eit vennleg smil om snuten.

Ho er av rasen Irish softcoated wheaten terrier og den rake motsetnaden til forgjengaren Raidden, som var ein Lakeland terrier (rasetenkinga dominerer enno fullstendig i hundeverda). Det var som om Raidden hadde sett alle, absolutt alle teiknefilmar der hundar finn på ulike typar ugagn, og etter å ha kopiert alt saman, bestemte han seg for å fornye sjangeren.

Endeleg tilbake på Engeløya, som til liks med mange andre stader i regionen har namn som lyder av havbrus og kyrkjeorgel. For å nemne nokre: Helligvær, Hjartøya, Landegode, Engelvær, Angerøya, Skrova og Engeløya.

Det er ikkje så lenge sidan eg møtte Hugo og Mette, for berre nokre månader sidan var vi på Jektefartsmuseet i Bodø, der Hugo hadde ei ny utstilling. Men det er nokre år sidan eg har vore i Steigen eller i Skrova. Ein par gonger kom pandemien i vegen, ein annan gong eit dødsfall.

Etter utgjevinga av ei bok eg skreiv om havet, kom journalistar frå Noreg, Sverige, Spania, Belgia og Tyskland til Skrova. Det var greie folk, på tomannshand, om kveldane, men både Hugo og eg fekk ganske raskt ei kjensle av at vi dreiv og spelte oss sjølve, ut frå forventningane til journalistane og fotografane. Nokre av dei hadde aldri vore i båt før. Dei var så redde for å vere ute då det bles opp til laber bris, at dei låg og klora seg fast nede på dørken og ropte på Guds nåde.

Iscenesettingane var ikkje ekstreme, ingen prøvde til dømes å framstille Hugo som havets Crocodile Dundee, men likevel. Då det stadig kom nye omsettingar, fekk nye journalistar i nye land ideen om at det ville vere kjekt med ein tur til det mytologiske Skrova – det ville eg også gjort.

Dette heldt fram, heilt til vi fann ut at ikkje berre er det mogleg å seie nei til media, men det gir også ei veldig god kjensle. Å by mindre på seg sjølv er undervurdert som mediestrategi, men det ville jo vore den klart beste løysinga for dei aller fleste.

– Ja, kven skulle tru at to middelaldrande eller halvgamle menns mislukka fisketurar skulle vekke slik internasjonal interesse, seier Hugo frå kjøkkenet, der han står og skjer opp sjølvlaga klippfisk med tanke på ein sein middag.

No er eg komen for at vi skal fiske torsk, nærare bestemt skrei. Men det ser ikkje så lyst ut. Ikkje nok med at fiskebåtane ligg vest for Røst og nord for Lofotodden (Strøksnes reiste i mars, red.merk.) Sjølv der får dei lite. Og attpåtil er båten til Hugo enno på verkstad. Der ventar dei på ein del som skulle kome i dag. Då han var innom verkstaden tidlegare på dagen, sa mekanikaren:

– Du veit, det tar si tid å få sendt noko med posten frå Japan. Det viste seg å vere ein dårleg spøk. Men vi veit ikkje om delen kjem i morgon eller dagen etter. Og for å vere ærleg veit vi mindre enn det. Kanskje viser det seg at delen som dukkar opp på verkstaden, er stor, kvit, oval, laga av plast og skal klikkast på plass, mens den vi treng, skal vere liten, svart, firkanta, av metall og må skruast inn med åtte skruar. Då kan det sannsynlegvis ha skjedd ein feil, og heile prosessen må starte på nytt.

– Har du høyrt noko frå håkjerringa i det siste, spør eg, berre for å få det overstått.

– Nei, men eg sette ei kveiteline for ei stund sidan, og veit du kva eg drog opp då? Utan å vente på svar held han fram.

– Det var rundt tjue hågjel, dei små haiane som lever på djupt vatn. Nokre var alt blitt etne av artsfrendane sine, det var berre hovudet og skinnet att. Men ein av dei som var heile, hengde eg opp til tørk på veggen utanfor galleriet. Eg såg jo med ein gong eg drog dei opp, at dei hadde sjølvlysande grøne auge. Men auga berre heldt fram med å lyse i veker og månader medan han hang der, oppspikra på galleriveggen. To prikkar med eit klart grønt lys var synlege på god avstand gjennom mørket.

– Bli med, seier han, og vi går ned i galleriet.

Han slår ikkje på lyset, og der nede, gjennom mørket, skimtar vi så vidt to grøne lys frå den ferdigtørka hågjelen som ligg på eit bord i galleriet. Vi greier dessverre ikkje å innbille oss sjølv at denne miniatyrløysinga inneber slutten på håkjerringproblemet vårt.

Kvelden blir vigd til ein spesiell karakter ved namn Annæus. Ikkje helten frå Troja som etter utrulege eventyr langs Middelhavets kystar hamnar i Italia og blir ein symbolsk stamfar til heile Romarriket (ikkje Romerike, autokorrektur). Nei, eg meiner Annæus Eriksen Myklevand.

Til liks med Æneas frå Vergils store epos Æneiden var han godt kjend i underverda. Livet hans er så spekka med hendingar og opptrinn, det hadde så mykje rørsle, at vi her berre får plass til høgdepunkta, og lågpunkta, nesten i telegramstil. Eg ville greidd å overtyde nærast kven som helst om at Knut Hamsun hadde brukt Annæus Myklevand som modell for nokre av sine mest kreative og minst konforme romanfigurar, som August.

Annæus Myklevand blei fødd i Grong i Nord-Trøndelag i 1875 som son av ein lutfattig ferjemann (blunk, blunk). Han blei send bort då han var åtte år. Men alt svært tidleg viser han oppdrift. I 1890, altså som 15-åring, reiste han rundt i distriktet som «verdens yngste folketaler», som det stod på plakatane.

Nokre få år etterpå dukkar dei første spora av han opp i Polititidende og Norsk Retstidende, med mindre dommar for vinningsbrotsverk og ærekrenking. Han skulle bli ein gjengangar i desse publikasjonane. Men også i aviser, der han publiserte dikt og patriotiske innlegg, og det gjekk ikkje lang tid før han begynte å etablere sine eigne aviser.

Det var først då han kom nordover, etter eit kort mellomspel som sanitetskorporal, at han slo seg på gauking, det vil seie ulovleg sal av øl, vin og brennevin. Då arbeidet med Ofotbanen starta, dukka han opp i Rombaksbotn, der det var fullt av rallarar. Frå eigedomen han disponerte, dreiv han dansesal, butikk, apotek, kuranstalt, fabrikk som laga mineralvatn, trykkeri og aviskontor. Den mest innbringande delen av verksemda dreidde seg om ulovleg sal av alkohol. Men som sanitetskorporal dreiv han også med kvakksalveri. Då ein ordentleg lege melde han for dette, svara Annæus med å melde legen for ulovleg brennevinshandel, fordi han ved eitt høve hadde gitt ein barberar 1 dl sprit til å lage hårvatn.

Hugo Aasjord og hans irske terrier Topsi (til høgre) på Bøsanden 17. mars i år.

Foto: Morten A. Strøksnes

Sjølv opererte Annæus, som profesjonell spritlangar, utvilsamt med langt større mengder. Han var ganske kreativ i forsøka på å omgå lova. Sidan «småsal» av øl og sprit var forbode i Rombaksbotn, forsvarte han seg éin gong med at han dreiv med storsal, aldri selde under 50 flasker i slengen, og dermed ikkje hadde brote med lovas bokstav.

Då Narvik blei skild ut som bykommune frå Ankenes, etter at anleggsverksemda hadde ført til kraftig vekst, var Annæus på plass der. Før Narvik kommune hadde fått vedtatt skjenkelover, som dessutan ikkje ville bli gjeldande før eitt år seinare, meinte han at det var fritt fram med alkoholsal. Han blei arrestert, men retten måtte gi han medhald.

Då sette han inn triumferande annonsar i avisene om at alkoholsalet var erklært lovleg, og at han no kom til å sette ned prisane. Alkoholsalet kom heilt ut av kontroll, Narvik appellerte til Høgsterett – og tapte der også. Ikkje før Stortinget fekk vedtatt ei særlov om sal av alkohol i Narvik, blei det slutt. Det vil seie, Annæus prøvde å omgå dette òg, ved eit innvikla bestillingssystem med utlevering i ein annan kommune enn der varene blei kjøpte.

Rallarane tilbad visstnok Annæus, sidan han hjelpte dei med pengar og attestar og om dei blei dårleg behandla. «Han tala som ein prest og skreiv som Ibsen», pleidde dei å seie om han. Han skal òg ha vore språkmektig, noko han sjølv hevda kom frå tida på ei dansk folkehøgskule. Dette er det ingen som har greidd å bekrefte – eller avkrefte.

Alt som 20-åring kjende han seg uansett kvalifisert til å starte kveldsskule sør for Mosjøen, der han underviste i rekning, bokhald og landsmål. Han blei òg oppfatta som ein som hadde sett verda, men det kan umogleg stemme.

Då ein rallar blei drepen under ein arrestasjon, var Annæus raskt ute med ei dramatisk lita bok om det som hadde skjedd: Politiet i Rombaksbotten (Drabet af Emil Eriksen).

Det hagla med meldingar og saker mot Annæus Myklevand. Då ei av sakene mot han kom opp i Bodø i 1901, opna Bodø Tidendes referat slik (sitert etter Geir Horrigmoe): «Paa de Anklagedes Bænk sidder i dag i Lagmandsretten en ung Mand, omtrent 30 Aar, født i Namdalen, gift og bosatt i Rombaksbotten, en Mand, udrustet med ‘gode Gaver’, vel forfaren i Livets vexlende forhold, udrustet med Evne til at udnytte Menneskers svage Sider til egen Fordel. Han er anklaget for Kvaksalveri, salg av Mediciner for især veneriske Sygdomme, før Salg af, Øl, Vin og Brændevin, for Vold og voldsom Modstand mod Politiet og for Bedrageri.» 42 vitne blei kalla inn i saka.

Den karismatiske talaren slapp unna med 25 dagar på vatn og brød, etter mellom anna å ha erklært seg insolvent, og som ein vanleg arbeidstakar tilsett av kona si, som alt var skrive på. Han gjorde berre som han fekk «befalt». Han blei frikjend for kvakksalveri, vald mot politiet og bedrageri.

Då det ei tid seinare oppstod eit slagsmål i Annæus’ bygard i Narvik natt til 17. mai, der det blei avfyrt revolverskot og han slo nokon i hovudet med ein stein, kanskje for å avvæpne vedkommande, byrja det å bli utriveleg. Annæus sette inn ein annonse i avisa for å komme eventuelle hemnaksjonar eller lynsjestemning frå byens «pøbel» i forkjøpet.

Her kunne han meddele at han hadde skaffa seg skytevåpen, og at han, i samsvar med straffelova kapittel 7, paragraf 6 og 7, kom til å forsvare seg om nødvendig. Alle som prøvde å overfalle han, måtte derfor vere førebudde på «at blive jaget en revolverkugle gjennen hjertet eller hjernen. Ærbødigst A. Myklevand».

Etter at han flykta frå Narvik, der han etterlét seg gjeld, stod det i Narvik Tidende: «Narvik Dagblad havde i sit Lørdagsnummer en rørende Nekrolog over ham med et stort sort Kors over. Vi derimot lar ham leve i det sikre Haab endu en gang at kunne stedes Ansikt til Ansikt med ham» (17. september 1902). Han var ikkje død, men hadde berre gjort seg «usynleg».

Hugo Aasjord, kunstnar og oldebarn av Annæus Myklevand.

Foto: Mette Bolsøy

Neste stopp var Mo i Rana, der det òg var gruvedrift. Annæus starta her rundt 1903 avisa Ranaværingen og Dunderlandsdalens Mineralvandfabrikk på Selfors – som var ein dekkoperasjon for sal av sterkare varer til anleggsarbeidarane. Same året braut det ut streik ved Dunderlandsanlegget, med arrestasjonar og tilkalling av militærstyrkar.

Og gjett kven som såg sitt snitt til å opptre som ein slags streikegeneral. «Massen var blevet opfordret av sine ledere, deraf den mangfoldige gange straffede brændevishandler og kvaksalver Myklevand», skreiv arbeidsgivarane (sitert etter Ivar Leveraas).

Bruer blei brende, også i Mo i Rana, og Myklevand drog til Ålesund i 1904. Der hadde jo nettopp heile byen brent ned, og det representerte nye sjansar for ei frampå sjel. I Ålesund starta Myklevand avisa Rodhuggeren, som skulle vere eit organ for dei brannramma, som Myklevand meinte var blitt snytt for erstatningspengane dei hadde krav på frå det offentlege.

Han tok opp kampen mot den «raaskap og urettferdighed» som rådde i byen, og ved å kome med ei rekkje injurierande påstandar skulle han lokke fram ei rettssak. I denne planla han å føre alle som var blitt ramma av brannen, ca. 12.000 personar, som vitne. Ein av dei han fornærma, knivstakk han, og Myklevand blei innlagd på sjukehus med alvorlege skadar.

Myklevand, som var ein framand i Ålesund, mislukkast med dei dristige planane og reiste vidare, først til Folldal, der det var starta opp ny gruveverksemd. Han starta ei ny brusfabrikk (Record), men noko må ha skore seg, for etter ganske kort tid var han å finne i Kristiania. No var han klar for å ta på seg større oppgåver og starta selskapet Norsk Præmieobligasjonskontor. «Firmaet hadde over 50 agenter omkring i landet som solgte obligasjoner som inngikk i et lotteri. Foretaket var en ren svindelaffære, og i oktober 1907 grep politiet inn og stanset virksomheten», skriv Horrigmoe.

Det blei full etterforsking, kontora i Kongens gate 33 blei ransaka, og politiet skjøna raskt at Myklevand var hjernen bak heile opplegget. Etter nokre dagar i varetekt sleppte dei han ut, i påvente av rettssaka, og han rømde då til Göteborg, der han prøvde seg på nye svindelopplegg. At desse ikkje lukkast, var kanskje det som gjorde at han måtte reise tilbake til Noreg, nærare bestemt Sarpsborg. «I Sarpsborg ble han anholdt og arrestert på nytt. Der hadde han innlosjert seg som omreisende foredragsholder Arvid Rødseth, og hadde farget både håret og skjegget så det var helt svart», skriv Leveraas.

I lagmannsretten i Kristiania blei Myklevand dømd for svindel og forsøk på svindel og fekk 15 månader fengselsstraff. Etter sona dom, trekte Myklevand nordover. Først prøvde han ut fleire forretningar i Trondheim, mellom anna starta han ei bær- og fruktforretning ved sida av ei rekkje andre aktivitetar, sjølvsagt, inkludert ei agenturforretning – og eit ekteskapsbyrå.

Han blei elles skild frå kona Bertine Jonette Randi då han hamna i fengsel i 1908. Og det er no, etter å ha følgt Annæus Myklevand gjennom meir enn 20 år, at eg er i ferd med å komme til det som, om ein legg til ein viss godvilje, kan kallast eit poeng. For det var her, i Trondheim i 1911, Myklevand møtte Johanne Johnsen, ei kvinne frå Vesterålen, i teneste i Trondheim. Dette var Hugos oldemor.

På dette tidspunktet var ho ikkje oldemor til nokon, sjølvsagt, men ei ung, barnlaus kvinne. Ho må ha vore ein lett match for den erfarne Myklevand. Den 15. april 1912, same dagen som «Titanic» sokk, fødde Johanne Johnsen barnet til Annæus, på fattighuset i Trondheim. Dette var Hugos bestemor Erna.

Det var sikkert ikkje så lett for dei som hamna på fattighuset, nei. Men var det ingen som tenkte på korleis Annæus hadde det? Alt dette blei stressande, kanskje litt for mykje bindingar og ansvar for han. Så rastløysa og gründerånda førte han bort frå Trondheim, først til Kvikne i Sør-Trøndelag.

Våren 1914 dukkar Myklevand opp i Harstad. Då første verdskrig braut ut same sommaren, såg han nye forretningssjansar og starta det som blei kalla Fillemagasinet, som kjøpte opp ull, tomflasker, bly og andre metall. Etter kvart starta han ei ny fabrikk for mineralvatn (Polarlys), ein ny frukthandel og byrja å kjøpe opp sild saman med ein jøde, alt saman i Harstad.

Det var før han starta Harstad Forniklingsanstalt og Nord-Norges Anonce-, Reklame- & Merkantile Bureau. I lokalhistorikaren og forretningsmannen Haakon Rønnings bok De som bygde byen (1990) er Annæus skildra. I 1927 gjekk forretningane dårleg. Annæus spelte mykje poker og drakk. Ein morgon skulle han reparere, men i staden for å tømme i seg slantar, drakk han frå ei flaske med saltsyre. Nokon gav han mjølk, han blei pumpa av lege, men blei liggande sjuk i månadsvis. Kanskje var det derfor han gjekk konkurs.

No reiste han frå Harstad til Båtsfjord i Finnmark. Det er usikkert om han hadde vore i Finnmark tidlegare, men alt i 1898 søkte han Stortinget om eit lån på 15.000 kroner for å bygge hus og starte fangst på Svalbard. I søknaden skreiv han at han budde i Hammerfest, og at han var gift, men Annæus hugsa nok feil om begge delar. Søknaden blei blankt avslått.

I Båtsfjord styrte han eit bakeri, det var ikkje hans eige, og han kokte visstnok syltetøy, skriv Leveraas. Han kjøpte seg også ein «vibrasjonsmaskin» som skulle vere godt for gikt, tannverk og sånt noko. Og han kjøpte seg tanntenger, pluss ei dokterbok, og byrja som frilanstannlege og kanskje kvakksalvar. Leveraas har fått tak i eit brev Annæus Myklevand skreiv til niesa Solveig, frå Båtsfjord, i 1929. Her kan det sjå ut som om Annæus er meir ein løytnant Glahn enn ein August: «Du spørger hvor jeg skal til sommeren. Jo det skal jeg fortelle dig. Jeg skal 4 mil til fjelds indover Findmarksvidden [og held så fram med] til et vand som heter ’Ordojavri’ og der skal jeg bygge en hytte. Jeg var der i 14 dage i fjor og fisket på den tid 4 tønder stor fin fjeldfisk…»

Annæus døydde i Båtsfjord, truleg i 1935, men Leveraas, som har søkt etter han intensivt, finn ikkje nokon konkrete spor etter han, verken om kva tid han døydde, eller kvar han er gravlagd. Ifølge den munnlege tradisjonen oppstod det ein brann i andre etasje av eit hus der han dreiv forretning. Annæus hjelpte til med å berge ting ut, og då arbeidet var over, sette han seg ned og døydde.

Fattigguten frå Grong hadde gripe alle sjansar som baud seg.

Han blei berre 55 år.

Ja, denne karen, han var litt av ein doer, seier eg mot slutten av kvelden.

– Det dei kallar ein «dynamisk» type? Ein sånn som ingen heilt veit kva dei skal seie om, i nekrologar eller gravferder. Så dei seier «han var glad i livet», «ein fargerik personlegdom» og slike ting.

– «Driftig», «energisk», «kreativ». «Eit arbeidsjern». Ein «gründer».

– Og ein «drøymar». Flink til «å få folk med seg». «Sjølvstendig». «Såg utvegar ingen andre såg» – eller kanskje såg bort frå, sidan dei braut med straffelova, seier eg.

– Han blei kalla «ein lurendreiar». Så frekk at folk måtte ta av seg hatten. Sjølv dei som var ute etter å ta han, såg jo at det var noko med fyren, seier Hugo.

Sjølv i rettsdokumenta blir han skildra med ei viss beundring.

Hadde Annæus Myklevand vore meksikansk, ville dei gjort han til ein lokal helgen og tent lys for han på eigne alter. Alle skulle vel ønske dei hadde ein antihelt som dette i slekta. Og eg veit at store delar av familien, ikkje minst Hugo, har vore oppglødde over oppdaginga Annæus-figuren. Annæus er av den typen slektningar ein blir meir glad i hundre år seinare enn til dømes Hugos oldemor Johanne og bestemora Erna var. Hundre år etter at han fekk dei på fattighuset.

– Bestemor Erna møtte han aldri, og snakka aldri om han. Sjølv mor mi rista på hovudet om namnet hans blei nemnt. Det har dukka opp fleire nye slektningar, mellom anna hadde Annæus minst éi dotter til utanfor ekteskap, seier Hugo.

Han viser meg eit bilete av Annæus. Likskapen mellom han og Hugo er slåande.

– Dette forklarar ein heil del. Blod er tjukkare enn vatn, seier eg.

Denne soga om Annæus Eriksen Myklevand støttar seg tungt på særleg to kjelder: Ivar Leveraas: En ganske uvanlig mann fra Grong (Grong historielag, 2016) og Geir Horrigmoe: «Annæus Eriksen Myklevand – den farverike spritlangeren i Romviksbotn» i Årbok for Narvik 2021.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn

Iransk kanondiplomati

Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.

Cecilie Hellestveit

Dei siste par åra har den norske bonden fått kjenne konsekvensane av å produsere i eit system der utgiftene er styrte av marknaden, medan inntektene er styrte av politikarane, skriv Siri Helle.

Foto: Heiko Junge / NTB

Kommentar
Siri Helle

Effektivisering er ikkje berginga

Korleis gje bønder rettferdig inntekt når dei framleis skal vere sjølvstendig næringsdrivande?

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Foto: Heiko Junge / NTB

LandbrukSamfunn
Per Anders Todal

Jordskjelvet

Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.

Henrik H. Langeland har skrive både romanar og sakprosa etter debuten i 2003.

Foto: Svein Finneide

BokMeldingar

O’hoi!

I sjangeren «skipsreiarroman» har Henrik H. Langeland levert eit svært medrivande bidrag.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis