Balladen om Annæus Myklevand
Båten er ikkje klar, men som erstatning byr vi på ei spektakulær røvarhistorie frå røynda. Hugo Aasjord er kunstnar, og oldefaren freista å gjere kunst av sine kriminelle affærar.
Annæus Eriksen Myklevand rundt nyttår 1907–08 etter at han blei innhenta av lovens lange arm i Sarpsborg. Då hadde han vore på rømmen, mistenkt for bedrageri fleire plassar.
Hugo plukkar meg opp på kaia i Bogøy, og vi køyrer over brua heim til Mette og han. Det tek ei stund før eg blir merksam på det, men i baksetet sit den gylne hunden Topsi, stille og veloppseda med eit vennleg smil om snuten.
Ho er av rasen Irish softcoated wheaten terrier og den rake motsetnaden til forgjengaren Raidden, som var ein Lakeland terrier (rasetenkinga dominerer enno fullstendig i hundeverda). Det var som om Raidden hadde sett alle, absolutt alle teiknefilmar der hundar finn på ulike typar ugagn, og etter å ha kopiert alt saman, bestemte han seg for å fornye sjangeren.
Endeleg tilbake på Engeløya, som til liks med mange andre stader i regionen har namn som lyder av havbrus og kyrkjeorgel. For å nemne nokre: Helligvær, Hjartøya, Landegode, Engelvær, Angerøya, Skrova og Engeløya.
Det er ikkje så lenge sidan eg møtte Hugo og Mette, for berre nokre månader sidan var vi på Jektefartsmuseet i Bodø, der Hugo hadde ei ny utstilling. Men det er nokre år sidan eg har vore i Steigen eller i Skrova. Ein par gonger kom pandemien i vegen, ein annan gong eit dødsfall.
Etter utgjevinga av ei bok eg skreiv om havet, kom journalistar frå Noreg, Sverige, Spania, Belgia og Tyskland til Skrova. Det var greie folk, på tomannshand, om kveldane, men både Hugo og eg fekk ganske raskt ei kjensle av at vi dreiv og spelte oss sjølve, ut frå forventningane til journalistane og fotografane. Nokre av dei hadde aldri vore i båt før. Dei var så redde for å vere ute då det bles opp til laber bris, at dei låg og klora seg fast nede på dørken og ropte på Guds nåde.
Iscenesettingane var ikkje ekstreme, ingen prøvde til dømes å framstille Hugo som havets Crocodile Dundee, men likevel. Då det stadig kom nye omsettingar, fekk nye journalistar i nye land ideen om at det ville vere kjekt med ein tur til det mytologiske Skrova – det ville eg også gjort.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.