Essay

¿ Ask Burlefots elskarinner

Kven var modellane for Ask Burlefots elskarinner i Sangen om den røde rubin? Journalistar frå Verdens Gang, Morgenbladet og Svenska Dagbladet leitte utan å finne dei.

Publisert

Lytt til artikkelen:

Inga levande kvinne stod fram og hevda at ho var ei av desse elskarinnene. Alle saman heldt seg vekke frå Mykle-debattens intense flomljos gjennom meir enn eitt år.

Det finst eit brev sendt til Kyrkjedepartementet i 1957 der underteiknaren gjev seg ut for å vere ei av dei, men dette brevet er anonymt og lite truverdig. Heller ikkje over seksti år seinare ligg det føre nokon offentleg identifikasjon. I dag har vi ikkje nokon trong for å få namn og passbilete av dei.

Men spørsmålet om kor lett det var for lesarar i 1956 å identifisere modellane til Asks elskarinner, er avgjerande for innsikta i kva som var drivkrafta i den harmen som velta over Mykle. Det var ikkje dei erotiske innslaga i seg sjølve som vekte forarging. Philip Houm i Dagbladet kalla samleieskildringane for høgdepunkt i norsk erotisk kunst. Olav Simonnæs i Bergens Arbeiderblad påstod at han var så van med realistisk samleieskildring at han knapt reagerte på det lenger. Det var ikkje pornografien, men bruken av levande modellar som blei vurdert som umoralsk. Dette gjaldt fyrst modellane for det politiske miljøet i romanen. Men i debatten om romanen gleid merksemda over på modellane for dei unge kvinnene. Det blei hevda at dei var lette å kjenne att, og dette blei ei hovudskulding mot Mykle.

Men var modellane til dei unge kvinnene i Rubinen så lette å identifisere som ordskiftet i 1950-åra kunne tyde på, og som litteraturhistoria – og sladderen – har teke for gjeve i tre kvart hundreår? Eller smitta det lett attkjennelege ved personar frå det politiske miljøet over på dei vanskelegare attkjennelege kvinnene?

Desse spørsmåla er som sagt viktige fordi dei kan kaste lys over kvar harmen mot Mykle kom frå, og kva som var dei verkelege motiva bak rettssaka i 1957. Kor lett det var å kjenne att kvinnemodellane, har aldri vore systematisk undersøkt, sjølv om ein gjennom rein tekstanalyse kan sjå om dei erotiske scenene i Rubinen gjev haldepunkt for å kunne kjenne att modellane i røynda.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement