Kunst
Antikrists ugjerningar
ORVIETO: I domkyrkja skapte Signorelli si fengjande framstilling av ein falsk profet med Satan sjølv som sufflør.
Luca Signorellis freskomåleri med Antikrists preike i Cappella Nuova i domkyrkja. Nedst til venstre skodar kunstnaren mot oss.
Foto: Sjur Haga Bringeland
Som ei naturleg festning ragar den gamle byen Orvieto på ei 150 meter høg klippe over det bylgjande kulturlandskapet i dalen. Det er som om dei gulbrune festningsmurane og husa er grodde rett opp or grunnfjellet. Bygde er dei nemleg av den same gulbrune steinsorten som grunnen dei står på. Men éin bygning, med fasade i kvitt og gull, merkjer seg ut i horisonten over dei glanslause teglsteinstaka. Det er domkyrkja, som er vigd Santa Maria Assunta, Marias himmelfart. Ho står på den høgaste staden i byen.
I over sju hundre år har domkyrkja vore byens heidersmerke, for korkje pave eller biskop reiste henne, men borgarane sjølve. Palasset ved sida av blei derimot bygd av paven. I urolege tider residerte han her oppe, verna av fjellveggene kringom, noko som tidvis gjorde byen til eit «Roma i reserve».
Funicolare
Lenge før Trenitalia-dama på toget annonserte «Orvieto» over høgtalaren, skimta eg den særmerkte klippebyen der framme. Frå Roma tek turen gode to timar med regiontog; staden er ikkje viktig nok for lyntoget til Firenze. Dess lenger nord ein kjem, dess grisnare blir busetnaden. Eg passerer fleire ærverdige storgardar av typen eg hugsar frå Bernardo Bertoluccis storfilm 1900. Heslege nybygg er derimot nesten fråverande.
Frå den velstelte jernbanestasjonen, gjennom ein tunell under bymuren, går det kvart kvarter ein skjenegåande kabelbane – funicolare på italiensk – som tek meg direkte opp dei 160 høgdemetrane til gamlebyen. Bybiletet er makelaust, sjølv etter italiensk standard, med tronge mellomalderske gateløp. Gamlebyen fekk stå i fred då byen ekspanderte på 1900-talet. Nybygga er hovudsakleg reiste kring jernbanestasjonen nedanfor.
Piazza del Duomo
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.