«Aldri i soga har så mange skulda så få så mykje»
I to Spitfire-skvadronar, 331 og 332, etablerte i 1941 og 1942, stod norske jagarflygarar for ein krigsinnsats av øvste merke og med store tap. I ei blanding av militærhistorie, raffinerte teknologidetaljar og kultursoge har Cato Guhnfeldt reist desse flygarane og bakkemannskapane deira eit rikt illustrert minnesmerke som riv lesaren med.
I filmen Dunkirk, som går på norske kinoar nett no, er det ei scene som lèt oss koma nær kjernen i Cato Guhnfeldts storverk om det legendariske Spitfire-flyet og innsatsen til dei norske flygarane under krigen.
Ein sivil engelskmann drar over Kanalen i ei snekke. Med seg har han son sin og ein skuleven. Dei gjev seg bylgjene i vald for å plukke opp allierte soldatar frå strendene i Frankrike.
Undervegs – i tung sjø og med nederlaget som mental fylgjesvein – høyrer dei flydur. Kapteinen på den vesle skuta ser opp og bryt ut: «Listen! Do you hear? The sound of Rolls Royce Merlin engines!»
LUFTHERREDØMET SOM SVANN
Dette var ein lyd som gav von om motstand mot svermen av tyske jagarar og bombefly som storma over Kanalen for å rane til seg luftherredømet. Utan kontroll med himmelen ville ikkje Hitlers invasjon av England – Operation Seelöwe – hatt ein sjanse.
Etter å ha levd med Cato Guhnfeldts sjubindsverk om denne litt bortgløymde sida av norsk krigssoge, kan eg no supplere skipperen i Kanalen med desse opplysningane: Ein tidleg Spitfire med Merlin-motor hadde meir enn 520 km i timen som toppfart, og kunne by fram ein motorstyrke på 1025 HK. Merlin-motorane var under stendig forbetring under krigen, noko også flya var. (Guhnfeldt elskar å presentere rad på rad av typeetikettar på motorar og fly, og gleda smittar over på lesaren.) Både motorane og flya var teknologiske meisterverk av kraft og sofistikert intelligens.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.