JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Feature

Aasen og dei intellektuelle i Zaporizjzja

Tidleg på nittitalet la eg ut på ei reise gjennom fleire land eg aldri hadde vore i før. Sovjetunionen hadde nyleg gått i oppløysing, og område som til då hadde vore stengde, var no opne.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
I 1990-åra var det fullt i herberga for ein norsk ryggsekkturist i Zaporizjzja i Ukraina, og difor ope for ein av dei gode hjelparane.

Foto: Wikimedia Commons

6962
20220805
6962
20220805

Eg hadde kome til Tallinn med ferje frå Helsinki og så tråkla meg nedetter Baltikum i tråd med alle bodorda for ein sjølvstendig ryggsekkturist. Dess lenger sør eg kom, dess vanskelegare vart det. Estland var langt på veg marknadsøkonomi alt. Dei hadde eiga mynteining, medan Litauen eksperimenterte med mellombelse talonar og Belarus ikkje eingong hadde ein fungerande svartebørs. Og medan Riga hadde både restaurantar og vandrarheimar, var Minsk ein storby utan korkje hotell eller kafear.

I Ukraina vart det lettare att. I Dnipro fekk eg hotellrom. Rett nok ikkje med ein gong: Dama i resepsjonen måtte rådføre seg med direktøren, og direktøren måtte ringje ein hemmeleg autoritet som ringde attende etter ein time. Men så var det greitt. Eg fekk sove, og eg fekk sjå ein gammal svensk film med russisk voiceover.

Ein dag stogga det heilt opp. Det var i Zaporizjzja. I dag flagrar desse stadnamna forbi auga. Eg les om troppetransport og evakueringsruter. Eg ser bilete av utbomba hus. Eg freistar hugse korleis det såg ut då. Korleis var det i Tsjernihiv? Var det fint der? Eg hugsar kraner og stillas: kyrkjer som vart pussa opp etter år med forfall.

I ei slik kyrkje klatra eg opp i stillaset og såg gudstenesta ovanfrå. Ein prest svinga røykjelseskaret att og fram over kyrkjelyden. Det var mest eldre kvinner. Så velsigna han dei og gjekk inn eit provisorisk sakristi bak eit skjermbrett og drog fram ei røykpakke frå baklomma. Der stod han og dampa medan kyrkjelyden bad. Det var berre eg og Gud som kunne sjå han.

Men i Zaporizjzja vart det reint umogleg å vere ryggsekkturist. Ingen bank ville ta imot reisesjekkar, og sjølv amerikanske dollar var utan verdi. Og det var fullt i alle herberga. Eg hadde freista hotella i sentrum og teke bussen langt ut i forstadene til eit einsleg motell. Men ingen stad var open for utlendingen.

Så eg gjekk på bussen att og tenkte meg attende til jernbanestasjonen i von om eit venterom og eit morgontog til ein gjestevenlegare plass. Eg var trøytt og svolten då ein kar kakka meg på skuldra og spurde:

– Excuse me, do you have a problem?

Og så, som ein ettertanke:

– Do you speak english?

Det var ein av dei gode hjelparane. Dei har det med å dukke opp når ting ser svart ut. Denne gongen var det ein lærar. Ein nyfiken lærar.

Han hadde hundre spørsmål om reisa mi, kvar eg skulle vidare, og kva eg trudde om framtida. Og han hadde ein sofa eg kunne sove på. Det var berre ein liten ting. Om han kunne bry meg med ei lita teneste…

Det hadde seg slik at han var medlem i ein klubb, «den engelske klubben». Han var på veg dit no. Det var nokre folk som møttest iblant for å prate saman, på engelsk, om verda og politikk og ymse emne. Dei hadde ikkje nokon agenda eller ideologi. Dei var alle slags folk, må vite.

Om eg ville vere med og kan hende fortelje litt om Noreg? Eg kunne jo ikkje seie nei.

Vi skifta buss, og den nye kompisen min var innom ein telefonkiosk for å varsle om endringa i programmet. Då vi kom fram, var lokalet smekkfullt. Om det alltid var så mange som øvde på engelsken, eller om den overraskande føredragshaldaren frå Noreg var magneten, veit eg ikkje.

Eg er ikkje nokon røynd talar, så eg slo frampå at dei kunne spørje om ting dei lurte på, så skulle eg freiste å svare.

Det vart litt mumling. Så var det ein skjeggete kar som tok ordet.

– Om eg kunne seie noko om språktilhøva i Noreg?

Jau, det kunne eg. Engelsk var fyrste framandspråk, sa eg, og dei fleste meistra det rimeleg bra… Men då braut han meg av. Det han ville vite meir om, var dette med to jamstilte mål. Kunne eg fortelje litt om Ivar Aasen? Eg veit ikkje kva eg venta, men ikkje det spørsmålet.

Når sant skal seiast, hadde eg ikkje mykje å fare med når det gjaldt den norske målsoga. Men eg fekk no sagt at då Noreg var eit ungt land, hadde Aasen sett saman ei skriftnorm grunna på norske dialektar.

Det var så langt eg kom. For noko så dumt, noko så vanvitig dumt, hadde den karen aldri høyrt, som å tru at ein kunne lage eit språk basert på dialektar som vart tala av bønder, av analfabetar og liveigne, og det når ein i staden kunne ha nytta eit gamalt kulturspråk, ei skattkiste, som hadde fostra så mange store litteratar…

Her ville eg skyte inn at litteraturen før Aasens tid nok ikkje var så storslegen, men då såg han berre forvirra ut. Det demra for meg at mannen snakka om noko heilt anna.

Det vart ein livleg kveld. Det engelske formålet var raskt gløymt. Den eine etter den andre tok ordet, på russisk eller ukrainsk, og sa klart ifrå. Eg oppfatta namnet Pusjkin, elles skjøna eg ikkje stort. Men eg forstod at dette ikkje var noka vanleg engelsk konversasjonsforeining. Dette var den intellektuelle eliten i byen Zaporizjzja.

Då eg i ettertid freista frette ut verten min om kva det heile hadde handla om, sa han berre at det ikkje var så lett å forklare, men at den svartskjegga karen var russisk.

I alle høve var han strålande nøgd med innsatsen min. Det vanka ikkje berre ein sofa, men jamvel borsj, vodka og saltagurk. Etter nokre dagar sende han meg vidare til ein onkel i Melitopol som hadde ein svoger i Simferopol. Slik reiste eg Ukraina på kryss og tvers og vart kjend med heile familien.

For å vere på den sikre sida spurde eg kvar av dei kva slags nasjon dei rekna seg til. Nokre sa russisk, andre sa ukrainsk, og eit par sa jødisk. Ein svara kosakk.

Eg freista klare opp i det.

– Du er ukrainsk?

– Ja, som far min.

– Men bror din er russar?

– Det må han ha lov til.

– Men du snakkar russisk?

– Det er noko anna.

Det synte seg at alle rekna russisk som morsmålet sitt, utanom ei gamal bestemor. Ho ville helst snakke jiddisch.

Eg veit ikkje korleis familien har det no. Han som var student, sit kanskje i ei skyttargrav. Han som låg i barnevogn, ber kanskje på ein granatkastar. Eg vonar dei lever.

Og den arge russaren? Kva med han?

Det har hendt at eg har vakna på toget i eit nytt land. Det tek alltid litt tid å venje seg til. I 1992 vakna mange russarar brått opp i utlandet. Nokre reiste. Ein del såg nye sjansar. Mange berre heldt fram som før. Eg trur den svartskjegga karen var ein som aldri vande seg.

Sat eg att med noko etter reisa mi?

Eg lærte at folk bak det gamle jarnteppet visste uhorveleg mykje meir om oss enn vi gjorde om dei.

Og eg forstod at språket nok er ein viktig del av den nasjonale identiteten, men ikkje avgjerande. Det gjeld jamvel slektskap, kultur og religion. Dei er viktige byggjesteinar når nasjonar skal byggjast, men til sjuande og sist er den nasjonale identiteten eit personleg val.

Eg kom heilt til Jalta. Der fann eg ein båt til Istanbul. Så var den soga slutt.

Tord Akerbæk

Tord Akerbæk er dramatikar og informatikar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Etter nokre dagar sende han meg vidare til ein onkel i Melitopol som hadde ein svoger i Simferopol.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Det er nærare eitt år sidan klima- og miljøminister Espen Barth Eide fekk rapporten frå leiaren i Genteknologiutvalet, Anna Wargelius, men er vi noko nærare å skjøne kva han handlar om?

Foto: Javad Parsa / NTB

KommentarSamfunn

«Visste du at vi held på å tillate bruk og omsetning av genmodifiserte organismar i Noreg?»

Siri Helle

Barnelege og stipendiat Joel Selvakumar er kritisk til fleire artiklar Dag og Tid har publisert om seinfølger av covid-19.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
JoelSelvakumar

Einsidig om seinfølger

Risikoen for seinfølger etter covid-19 har falle dramatisk, og det er ikkje grunn til å tru at han aukar med gjentatte infeksjonar

Ameline med den fyrstefødde, Symra, i 2018.

Foto: Svein Gjerdåker

LandbrukSamfunn
Svein Gjerdåker

Dag og Tid-kua Ameline er daud

Ein morgon i mars låg Ameline daud i fjøset til Hilde og Lars Selheim på Voss.

Kjønnsfilosof Judith Butler

Kjønnsfilosof Judith Butler

Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB

EssaySamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Feltnotat frå kulturkrigane

Kjønnsdebatten har innteke hovudscena i internasjonal politikk. På veg for å intervjue verdas mest innflytelsesrike kjønnsfilosof, Judith Butler, forsøker eg å orientere meg i ein raskt ekspanderande konflikt. 

Sju menn fortel sju historier knytte saman av musikk og ein fellesskap om det å ikkje høyre til.

Foto: Den Nationale Scene

TeaterMeldingar

«Som få evnar Frode Grytten å skildre menn som av ymse grunnar fell utanfor.»

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis