JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

RestaureringFeature

Å hogge ved – eit mangesidig handverk

For han eller ho som vil lære å handtere bitjarn eller andre reiskapar med nevane, er det god øving å kløyve ved med øks. Det vi lærer med éin reiskap, hjelper oss til å meistre ein annan.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
For dei som kjem så langt at dei treffer mergen med første hogget i kubben, går det heller raskt å kløyve med øks, som er ein billeg reiskap.

Alle illustrasjonar: Erik Solheim.

10514
20230421

Restaurering

Erik Solheim har i ein del år hatt restaurering av gamle hus som levebrød og deler kunnskapen sin med Dag og Tid-lesarane.

Solheim har bakgrunn frå Landbrukshøgskulen (no NMBU), har undervist i natur og naturbruk og har vore leiar for Naturvernforbundet.

Vi ønskjer tips om gamle hus og bygningar som er restaurerte, og som vi kan skrive om i Dag og Tid. Alle typar byggverk kan vere av interesse. Send tipsa til C

Å hogge ved er veleigna å starte med; stykka brenn like godt om dei har merke etter sleivtreff. Flisene som ligg att, kan vi samle, tørke og tenne opp med. Dei som kan det, får det til å sjå enkelt ut å setje øksa der ho skal, og med stor kraft. For uøvde er det ikkje gjort i ei handvending å meistre reiskapen.

Då folk kløyvde ved for inntekt eller for einaste kjelda til hete i huset, var det om å gjere å få arbeidet unna. Det lønte seg å treffe slik at kubben klovna lett utan å sløse med kreftene. Rasjonaliseringa var å bruke øksa effektivt.

For den uøvde løner det seg å ta det med ro i starten. Hastverk fører berre til kav. Alt går seinare. Til alle tider har dei som får utretta mykje med hendene på éin dag, halde arbeidet jamt gåande, men roleg og gjennomtenkt, slik at dei slapp å gjere det same to gonger.

Kubben

Enklast er det å starte med kubbar som ikkje er for tjukke og ikkje lengre enn at dei passar i omnen, rundt 30 centimeter. Set dei på ein høveleg stabbe, ein halvmeter høg eller vel det. Så er oppgåva å treffe mergen med øksa. Dette er presisjonsarbeid. Ingen kan vente å få det til i starten.

Alle tre er bygde slik at frå mergen, den mørke prikken om lag midt i stammen, går mergstrålar i stjernemønster ut til yta. Veden klovnar lettast langs desse strålane. Dei som råkar mergen, treffer alltid ein mergstråle, og oppdagar då at hogget treng mindre kraft før kubben deler seg i to. Lange kubbar, eller tynne, er like godt å legge på sida og feste øksa slik at vi kan slå kubben mot stabben. Vi høyrer på lyden, klangen, om øksa peikar mot mergen.

Når dei gjorde veden ferdig i skogen, var det ikkje uvanleg å bruke stubben som stabbe. Han gjev ikkje etter for hogg og slag. Mange kløyvde 60 centimeter lange skier på denne måten. Dei hogg øksa fast, løfta kubben og snudde øksa slik at hovudet (hammaren) trefte stubben.

Halvtørr ved er seig og vanskeleg å ha med å gjere. Det er også den nedste delen av stammen på større tre. Fibrane går i ulike retningar, slik at stammen vert sterk nok til å halde treet ståande i vinden.

Dersom kubben er tjukk, er han lettast å dele om vi set øksa ut i borken første gongen. Men no òg slik at egga peikar inn mot mergen. Er dette hogget vellukka, er det tyngste gjort. Vi treng heller ikkje treffe like nøye som når vi satsar alt på den vesle og mørke sentrumstiaren. Etter den første delinga kan vi partere vidare til så store stykke som vi ønskjer.

Det finst likevel ikkje berre éin framgangsmåte. Dei som driv med øks, finn ofte sin eigen måte å gjere det på.

Mindre kubbar kan interesserte ungar ta seg av. Å meistre ulike reiskapar er som å gå, det er lettast å lære i unge år. Før i tida var det meir vanleg at borna såg kva dei vaksne gjorde, og så apte dei etter. Av dette lærte dei mykje om å handtere ulike reiskapar, og ikkje minst om å finne løysingar på ulike oppgåver. Ungane treng øks før datamaskina tek dei.

Til venstre ei kløyveøks. Ho har ein kjøl oppover bladet og sprengjer delane frå kvarandre. Til høgre ei skogsøks som er godt brukande til mindre mengder ved. Ho fester seg i veden med mindre kraft i hogget, ein grei reiskap å starte med.

Dagsverk

I Innvik i Stryn sa dei at eitt mål opplagd ved var eit vanleg, godt dagsverk. Det same skriv Johannes Kaasa i si klassiske bok Skognytting. Han fortel òg om hoggarar som skal ha klart to mål for dagen. Ikkje mange er teknisk gode og uthaldande nok til slike prestasjonar i dag.

Eit mål eller ei famn er ein stabel på 2 gonger 2 meter av 60 centimeter lange skier. På éin dag hadde dei felt og kvista trea, kappa dei med handsag, kløyvt kubbane og lagt skiene i lad. Ei famn har – som mange ikkje-metriske mål – kroppen som utgangspunkt, i dette tilfellet avstanden mellom fingertuppane når begge armane var strekte ut til sides. I 1274 var ei famn 1,42 meter, i 1875 1,88 meter. Ei alen, som skulle vere lengda på veden, var lengda på underarmen frå olbogen til langfingerspissen og var i handel sett til det som no er 62,75 cm. Ei famn ved var på slutten av 1800-talet ein stabel på 2,22 kubikkmeter, medrekna mellomromma. No er ei famn – eit mål – 2,4 kubikkmeter, framleis ei vanleg eininga for kjøp og sal.

I mange bygder gav det viktige inntekter å selje ved då byane berre hadde omnar for å halde heten i husa. Frå mange bygder på Vestlandet gjekk det jekter med ved til Bergen. Nordfjordjekta, som står på Sandane i Gloppen, var ei av dei store og hadde plass til 120–130 mål ved, litt over 300 kubikkmeter. Tre–fire turar vart det gjerne kvar sommar frå mange gardar og grender.

No vert det meste av veden i omsetning laga med maskinkraft og seld i sekker.

Øksa

Kva slags øks bør vi velje til vedkløyving? For mindre mengder er ikkje svaret så viktig, i alle fall ikkje til lettare kubbar. Det har vore kløyvt mykje ved med vanlege skogsøkser, og dei er godt brukande den dag i dag. Dei er lette – eit kilo eller mindre – og enkle å starte med. Det var slike økser dei ofte brukte til å felle tre, kviste og kløyve med.

Dei som har ei gamal øks kan pusse vekk rusten, setje på skaft, slipe ho og gå til skogs. For grovare kubbar er det særskilde kløyveøkser i handelen. Frå egga vert dei raskt tjukkare i bladet enn dei meir allsidige variantane. Dei er tyngre og sprengjer meir. Nokre har langt skaft for kraftige hogg, andre kortare.

Viktigare enn korleis øksa ser ut, er det at ho er kvass nok. Sløv reiskap krev meir arbeid. Til bruk i skogen slipte dei øksene slik at bladet smalnar av i ein boge som er krum utover frå bladet til egga. Det får ein til med å føre øksa fram og attende på slipesteinen, eller løfte hovudet – der skaftet sit – opp og ned. Når egga bøyer seg litt opp frå steinen og dannar ei ro, er brynet neste reiskapen.

Eit vanleg smergelbryne høver godt i starten, men vi bør slutte med eit fint eit, for å få egga glatt og jamn. Då varer ho lenger.

Kvass som ein høvel treng ho ikkje vere. Vi bør ikkje vere harde med grovt bryne ute på egga. Å oppnå varig bit tek litt tid. Det kan vere nyttig å sjå på ein som kan dette.

Ein skogsarbeidar i Vestfold fortalde at når dei hadde pause, sat dei ofte og strauk egga inne i handlóven. Då heldt dei ho kvass og slett.

For dei fleste er det ei eiga glede i å sjå vedstablane vekse, at arbeidet gjev resultat.

Veden

Så gjeld det å få veden tørr. Det kjem mindre varme ut av fuktig ved, og det kan legge seg sot i skorsteinen med fare for pipebrann.

Raskast går tørkinga ute, på ein opplendt og open plass med både sol og vind. Sola varmar, men vinden tørkar mest. Lesida av eit hus, eller ein stad med skog tett innpå, er ikkje eigna. April-juni er her i landet perioden med den tørraste lufta. Etter jonsok vert det meir dogg i graset fordi vêret er fuktigare. Første bod for stablinga er at veden må opp frå marka, på strangar eller anna høveleg underlag, gjerne pallar. Han tørkar best i stablar som ikkje er for tette, og lada bør ha avstand mellom seg.

I regnfulle strok har det vore vanleg å legge skiene med borken opp, som eit tak mot væta. Denne skikken hemmar tørkinga litt, men ikkje mykje, samanlikna med å legge vedsida opp. Det har forskingsinstituttet Sintef funne ut, fortel Lars Mytting i Hel ved.

Det meste av vatnet går ut gjennom endane på veden. Vatnet inne trekkjer mot dei tørrare delane i endane, som oljen i ein lampeveik. Å legge veden rå i heller tette hus fører ikkje fram. Eit skur med tak og utan vegger er derimot lettvint og effektivt.

Tørkar veden seint i starten, kan bakteriar og anna levande utvikle stoff som tettar dei opningane vatnet skal ut gjennom. Om desse mikroorganismane får gode kår, risikerer vi at veden aldri vert skikkeleg tørr.

Årstida

Å hogge bjørkeved og køyre han til rettes var vinterarbeid. Nokre hadde som regel at veden skulle vere ferdig stabla til påske. I dag er det ikkje lett å følgje den tradisjonelle rytmen – ikkje om ein har anna arbeid å passe. Men får tørkinga ein god start, og ho likevel ikkje fører heilt fram, kan veden ligge eit år til. Det finst apparat til å måle kor fuktig han er. 15–20 prosent vassinnhald er rekna for tørt. Høyrer vi høgstemd klang når vi slår to stykke mot kvarandre, er veden klar for omnen.

Å hogge ved om sommaren har vore brukt her og der. Då er innhaldet av vatn i trea stort. Men om dei får ligge med lauvet på, kan mykje av væta forsvinne raskt til lauvet visnar og det er tid for å kappe og kløyve. Ein annan framgangsmåte er å kviste mindre stokkar, fjerne borken i to–tre striper langs stammen og legge stokkane opp med rotendane oppå kvarandre til det er tid for å kappe og kløyve. Ein slik stabel – ein meter høg av tre meter lange strangar – heiter eit reis.

For å hindre at regn hemmar tørkinga, kan vi altså legge skiene med borken opp. Eller vi kan legge metallplater over stablane. Å bruke presenning er lettvint, men han bør ikkje ligge direkte på veden og ikkje rekke nedover sidene. Det hemmar gjennomluftinga og tørkinga øvst i stabelen.

Øksa er det mest allsidige bitjarnet vi har. Med øks bygde dei Ormen lange og alle husa. Med øks felte, kvista og kløyvde dei trea. Bord til båtar og tiljer til stavkyrkjene fekk dei ved å splitte stokkane med øks og trekilar. Då måtte dei vite kva for tre som eigna seg. Så sletta dei innsida og hogg vekk det som var til overs av bork og yteved. To bord fekk dei av ein stokk, resten vart mest til å fyre med.

Også i bronsealderen bygde dei stavhus med sperretak. Då var det steinøkser dei hadde å hjelpe seg med, mest av flint. Jarnet gav ei ny tid. Reiskapane var betre og dei kunne byggje meir varig. Metallet vann dei ut av myrjord over jarnrik grunn og med tilgang på oksygen, frå rundt år 500 før Kristus til slutten av 1200-talet. Portalen på Urnes stavkyrkje viser at dei hadde gode bitjarn, dei som skar.

Erik Solheim

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Er overvaking prisen vi må betale for eit trygt samfunn?

Foto: The Right Frame Media / Shutterstock

Samfunn
PernilleGrøndal

E-tenesta ser deg

Kor langt kan E-tenesta gå i å overvake den elektroniske kommunikasjonen vår? Det får vi kanskje svar på denne våren.

Sveinung Lindaas har gått ut av styret i Dag og Tid.

Foto: Tiril Rem

Samfunn

Takk til Sveinung

Sveinung Lindaas går av som styreleiar i Dag og Tid etter 11 år som leiar og 17 år som nestleiar før det att.

Svein Gjerdåker

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis