Å banke laust og fast
Kor tungvint må noko vere for å vere antikvarisk?
Drevet vert fyrst sett i naten med eit smalt settjern, før det vert rabattert ned med eit breiare jern.
Foto: Siri Helle
Kor mykje må ein kunne før ein går laus og gjer endringar på eit kulturminne? Ingen ville sleppt amatørar laus på hardangerjakta Gjøa, det er ikkje kven som helst som kan byte eit takspon på Borgund stavkyrkje, og for å flytte Osebergskipet driv dei med veging og millimeterhevingar og forsking i månadsvis for å vere trygge på at det vert gjort rett.
Og her står eg, aldeles aleine om bord i eit verna kulturminne frå 1889, og har røska laus ei kause frå eit stag i det eg innser at eg ikkje har aning om korleis eg skal få det på plass att. Er dette forsvarleg, då?
Svanhild var ikkje den fyrste skuta til å segle gjennom Nordvestpassasjen, og ho vart ikkje funnen i ein elleve hundre år gamal gravhaug. Men i rapporten frå restaureringa av Svanhild, forfatta ved Hardanger Fartøyvernsenter i 1994, står det at «Svanhild vart slippsett 10. september 1991, og arbeidet starta med målsetjing å gjenskapa Svanhild som den best restaurerte galeasen i landet».
Mykje tyder på at dei lukkast med det. Til saman var eit trettital fagfolk involverte i arbeidet, og ein stor jobb vart gjord med å skape att skrog, dekk og detaljar nett slik dei ein gong var. Ferdig restaurert vart skuta levert over til dei faglause – og slik skulle det vere: «Fartøyvern er eit langsiktig og kostnadskrevjande arbeid som er heilt avhengig av entusiastane og den frivillige dugnadsinnsatsen», skriv Sogn og Fjordane fylkeskommune når dei stundom løyver midlar til fartøyvern.
Alt kan vi likevel ikkje klare sjølve – nokre jobbar krev fagfolk. Mange av desse jobbane høyrer heime på dei «moderne» delane av skuta: Vi må ha ein elektrikar for å legge opp nye stikkontaktar, ein skipper med minimum kystskippersertifikat, GOC-radiosertifikat og passasjer- og krisehandteringskurs for å ta skuta frå kai og ein godkjend kontrollør til å sertifisere gassanlegget i byssa nett slik alle andre skuter må. Dette er nøye regulert i lover og forskrifter.
Riggen er derimot ikkje like detaljregulert. Moderne regelverk er rett og slett ikkje laga for seglskuter. Men vi må sjølvsagt fylgje den overordna skipstryggleikslova, som seier at «skip skal drives og vedlikeholdes på en slik måte at det ut fra skipets formål og det fartsområdet det er bestemt for, gir betryggende sikkerhet for liv og helse, miljø og materielle verdier».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.