Kunst
80 år og like ivrig kunstnar
Han kjem frå «Vesle Las Vegas», har opplevd meir enn dei fleste og skaper kunst som skil seg frå det meste. I dag fyller Oddvar Torsheim 80 år og blir feira med bok.
Ein ung kunstnar i arbeid heime i Førde.
Foto: Privat
Det måtte bli kunstnar av Oddvar Torsheim. Då far hans skulle lære han rekning, teikna sonen heller skihopparar. Boka Oddvar Torsheim – lyst & last har med eit rikt utval av produksjonen hans frå 1959 og fram til i dag, og tekst av kunstkritikaren Lars Elton.
Når forfattaren i innleiinga spør retorisk om kunsten eller kunstnaren er viktigast i tilfellet Torsheim, gir kunstnaren klart svar:
– Kunsten, sjølvsagt! At eg somme tider kjem i framgrunnen, heng saman med at eg stundom må spele litt klovn eller tyl når eg kjem ut blant folk. Tylen ser eg på som ein intelligent tosk.
At Torsheimen høyrer heime i ein karnevalistisk tradisjon, slik Elton hevdar i boka, høyrest rett ut for kunstnaren sjølv. Men korleis hamna han der? Nei, det veit han ikkje heilt. Men kan det ha noko å gjere med oppveksten og foreldra og tantene på Atløy?
– Der ute har det skjedd mykje, det er derfor eg kallar øya for Vesle Las Vegas. Eg trur alt har reke i land der, og foreldra mine var flinke til å fortelje. Bestemor mi sa at vi kom frå hugenottane. Eg er svært glad i karneval, men ikkje lenger så flink til å slå meg laus i livet. Kanskje tek eg det att i bileta, i fantasien. Å gå kring som ein karnevalsklovn heile tida er slitsamt. Det må finnast ein viss balanse.
– Den typiske Torsheim-streken, kvar kjem den frå?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.