1871: Tysk samling, fransk splid

I 1871 ­– for 150 år sidan – vart ikkje berre Tyskland samla, men dei franske revolusjonane i 1789, 1830 og 1848 fekk eit etterspel i Paris-kommunen – oppstanden som vart eit førebilete for den russiske revolusjonen.

62 kommunardar blir massakrerte i Rue Haxo 85 om ettermiddagen 26. mai 1871. Opptil 20.000 liv gjekk med i denne franske oppstanden.
62 kommunardar blir massakrerte i Rue Haxo 85 om ettermiddagen 26. mai 1871. Opptil 20.000 liv gjekk med i denne franske oppstanden.
Publisert

«I Paris er det brote ut revolusjon», vart det ropa i operaen Lulu av Alban Berg, som skulle det vere eit årleg motefenomen. Det Paris som vart det 19. hundreårets hovudstad, var særleg byen etter 1848, den byplanleggjaren Haussmann skar opp langs det som skulle verte bulevardar, fartsårer der Charles Baudelaire mista diktargloria, som han skreiv i eit prosadikt.

Dette var byen über alles med innkjøpspassasjar og glitrande utstillingsvindauge, med musé og kafear, jernbanestasjonar, børs og prostitusjon – og med kapitalisme som religion, som Walter Benjamin skreiv. Og proletarar og fattige, opprørske «misérables» som særleg i 1848 og i 1871 gjorde veldig vesen av seg. Paris strålte både som førebilete og provokasjon, som verdsutstilling i evig opprør, eleganse og synd.

I 1848 spreidde revolusjonen seg til store delar av kontinentet, men òg kring eigne interne spørsmål, etter at den første revolusjonen og Napoleon hadde brukt direkte hærtaking. 1848 vart eit avgjerande år, ikkje minst i Tyskland og Austerrike, trass i at revolusjonen mislukkast, slik han òg gjorde i Frankrike.

Frå 1819 til 1848 hadde mykje av Europa vore frose ned i restaurasjon av monarkiske regime i «heilag allianse», under leiing av den russiske tsaren og Austerrikes Metternich, tidas politiske sentralhjerne.

Metternich emigrerte, men i 1849 kom nevøen til Napoleon til makta i Paris, først som president, så etter eit kupp som diktator og keisar til 1870, då han tapte ein krig mot Bismarcks Preussen. Keisarriket var moderne autoritært, med bruk av folkerøysting i ettertid, det første i sitt slag, også mondent i spenn mellom kultur og lyst.

Ein kan seie som den britiske historikaren Alistair Horne at keisaren vart følgd av folket sitt i dette at han var ein mann med sterke lyster: Seksualitet og alkohol hadde høgkonjunktur, overdådige keisarlege selskap likeins, territorial erobringslyst spela ei rolle.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement