JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Feature

1871: Tysk samling, fransk splid

I 1871 ­– for 150 år sidan – vart ikkje berre Tyskland samla, men dei franske revolusjonane i 1789, 1830 og 1848 fekk eit etterspel i Paris-kommunen – oppstanden som vart eit førebilete for den russiske revolusjonen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
62 kommunardar blir massakrerte i Rue Haxo 85 om ettermiddagen 26. mai 1871. Opptil 20.000 liv gjekk med i denne franske oppstanden.

14038
20210820
14038
20210820

Historie

redaksjonen@dagogtid.no

«I Paris er det brote ut revolusjon», vart det ropa i operaen Lulu av Alban Berg, som skulle det vere eit årleg motefenomen. Det Paris som vart det 19. hundreårets hovudstad, var særleg byen etter 1848, den byplanleggjaren Haussmann skar opp langs det som skulle verte bulevardar, fartsårer der Charles Baudelaire mista diktargloria, som han skreiv i eit prosadikt.

Dette var byen über alles med innkjøpspassasjar og glitrande utstillingsvindauge, med musé og kafear, jernbanestasjonar, børs og prostitusjon – og med kapitalisme som religion, som Walter Benjamin skreiv. Og proletarar og fattige, opprørske «misérables» som særleg i 1848 og i 1871 gjorde veldig vesen av seg. Paris strålte både som førebilete og provokasjon, som verdsutstilling i evig opprør, eleganse og synd.

I 1848 spreidde revolusjonen seg til store delar av kontinentet, men òg kring eigne interne spørsmål, etter at den første revolusjonen og Napoleon hadde brukt direkte hærtaking. 1848 vart eit avgjerande år, ikkje minst i Tyskland og Austerrike, trass i at revolusjonen mislukkast, slik han òg gjorde i Frankrike.

Frå 1819 til 1848 hadde mykje av Europa vore frose ned i restaurasjon av monarkiske regime i «heilag allianse», under leiing av den russiske tsaren og Austerrikes Metternich, tidas politiske sentralhjerne.

Metternich emigrerte, men i 1849 kom nevøen til Napoleon til makta i Paris, først som president, så etter eit kupp som diktator og keisar til 1870, då han tapte ein krig mot Bismarcks Preussen. Keisarriket var moderne autoritært, med bruk av folkerøysting i ettertid, det første i sitt slag, også mondent i spenn mellom kultur og lyst.

Ein kan seie som den britiske historikaren Alistair Horne at keisaren vart følgd av folket sitt i dette at han var ein mann med sterke lyster: Seksualitet og alkohol hadde høgkonjunktur, overdådige keisarlege selskap likeins, territorial erobringslyst spela ei rolle.

Paris vart altså ikkje frosen ned av diktaturet, snarare pirra opp ein del, sjølv om politikk og meiningsbryting fekk lokk over seg. Richard Wagner lykkast ikkje med å stabilisere eit meir urborgarleg motbilete til dette kåte Paris med sin opera om meistersongarane i Nürnberg, og han ville det vel heller ikkje så veldig: Den geniale lystmusikken hans frå Venusberget (i andre versjonen av Tannhäuser) vart først lagd til Paris, i det som vart ein perfekt skandale. Otto von Bismarck, politisk sentralhjerne og -vilje i Preussen, var òg ein mann med store lyster, men med betre eigenstyring enn Napoleon III.

Keisaren vart kringsett og teken til fange saman med storparten av soldatane sine i Sedan i 1870, etter seks vekers hard, men katastrofal fransk krigføring i grenseområda mot Tyskland. Kven som stod bak krigen, Napoleon eller Bismarck, er eigenleg likegyldig, men viktig var det i alle høve at dekadente og sjuke Paris-Napoleon trong hardt til eit utanrikstrofé for å kunne halda på plass det autoritære lokket. Bismarck hadde i 1866 vunne ein storsiger mot Austerrike og var alt helt.

På verdsutstillinga i 1867, der den Köln-fødde jødiske parisaren Jacques Offenbach fekk folk til å le med ein operette om den amatørmessige tyske småstatsgeneralen Boum, stilte også industrimannen Alfred Krupp med ein diger kanon, som prøyssarane fire år seinare brukte til å bombardere sentrum av Paris frå utkanten. Men all verda var der, og det var mykje anna å sjå på.

I 1870 ville keisaren, i god fransk tradisjon frå revolusjonen, forføra det tyske sørvest, men kom ikkje ut av Frankrike. Paris var òg snart kringsett, sjølv om ein rakk frenetisk innkalling av nye soldatar. Ikkje minst det franske kjøkken vart sett på ei skikkeleg prøve då tyskarane lét vere å angripe i månadsvis – inntil kanonaden til slutt starta og ein fortvila fransk freistnad på å bryte ut slo katastrofalt feil.

Ein hadde nesten gløymt maten i påvente av at barbarane raskt skulle kome, tape eller sigre – utruleg nok auka folketalet i kringsetjingstida, ein ville vere til stades der ting skjedde. I Paris åt dei husdyr, rotter og hestar, og særleg dei fattige svalt. Verdsutstillinga vart innestengd utan tilgang til nyhende, og umetta intellektuell hunger leidde til eit anfall av parisisk ennui, keisemd, skriv Horne i si gode bok frå 1965, The Fall of Paris.

Då keisardømet fall i august 1870 og ei republikansk regjering tok over, var det til uhorveleg begeistring trass i sjokknederlaget, men snart kom det nærast til revolusjon mot dei nye styresmaktene. I tilbakeblikk var dette opprøret nær byrjinga av Pariskommunen våren etter, med gatekampar og all slags ståk rundt Hôtel de Ville. Det enda fredeleg. Den franske regjeringa måtte til slutt gå med på ein hard fred våren 1871, medan tyskarane vart sameinte til eit nytt rike under Bismarck og den prøyssiske kongen hans, som no vart keisar Vilhelm I.

Dette skjedde i solkongen Ludviks slott i Versailles i januar, i absolutismens høgborg – ikkje i Berlin, ikkje i den gamle keisarvalbyen Frankfurt.

Parisarane svara med den revolusjonære Pariskommunen, leidd av jakobinarar, blanquistar og anna revolusjonært folk, medrekna sterke heroiske kvinnegestaltar, og støtta av Marx’ internasjonale. Ein framtidsrus oppstod i ein kortvarig håplaus situasjon.

Det tok tre­­–fire månader før kommunen var slått ned av Adolphe Thiers’ republikanske styrkar, på ein ekstremt valdeleg måte. Styrkane invaderte Paris frå Versailles medan tyskarane heldt byen dekt på andre sider. Kommunens kamp var òg svært valdeleg og hadde sin base i dei nye delane av Paris som kapitalistisk dyrtid fordreiv proletarane til.

Det er 150 år sidan og verdt å minnast dette, både den tyske samlinga – eit realpolitisk under – og kommunens utopiske oppreising og fall. Kva var viktigast? Historiske liner går til Lenin og den russiske revolusjonen i 1917 på den eine sida, til 1945 og 1989 og Murens fall på den andre. Men spørsmålet er òg feil stilt.

Hendingane var vikla tett inn i kvarandre og gjekk føre seg på det 19. hundreårets hovudscene, Paris med omgjevnad. Men når Bismarck valde Versailles for å markere den indre tyske samanslutninga, så var det ein lagnadstung feil og ikkje lenger heilt realpolitikk.

Ordet «Realpolitik» kom i bruk frå 1850-åra. Det stod for eit nøkternt syn på politikk der krig var eit fullt ut akseptabelt verkemiddel: Krig er framhald av politikken med andre rasjonelle middel, for å legge litt farleg på ein sentens frå den tyske krigsteoretikaren Clausewitz. Bismarck vart helten for denne politikkstilen etter 1848.

I Tyskland var bakgrunnen at 1848-revolusjonen fekk eit så endelaust diskuterande preg, i det folkevalde Frankfurt-parlamentet 1848–49. Dette parlamentet skulle gje heile Tyskland ein sams ny og fri konstitusjonell orden, samstundes ville ein ikkje gjenta den jakobinske avrettinga av den franske kongen i 1793, men finne ei ordning der fyrste og folk kunne dra saman. Og som om dette ikkje var nok, skulle parlamentet òg løyse problemet med å dra grensene for kva område som skulle med i det nye tyske riket.

Ein diskuterte lenge ei såkalla stortysk løysing der Austerrike var med, ei makt som med herskarhuset Habsburg lenge hadde vore sentrum i det første tyske riket. Dette «heilage romerske riket av tysk nasjon» fanst frå 962 til 1806, då vart det oppløyst som reaksjon på at Napoleons nye forbund av Rhin-statar trekte seg ut.

Problemet med ein nykonstruksjon var no at Habsburg-riket omfatta fleire andre nasjonar enn den tyske, nasjonar som òg byrja å røre på seg – utan tvil som respons på utfordringa frå den tyske nasjonalismen, som på si side hadde reist seg mot Napoleons okkupasjonar. Det var ikkje mogleg å late det nye tyske riket sluke heile Habsburg-riket, men dette var eit faktum det vidgjetne «professorparlamentet» ikkje meistra. Det vart oppløyst av prøyssarkongen, som nekta å verte keisar av folkeparlamentets nåde.

I staden kom Bismarck etter ei stund. Han vart ministerpresident i Preussen 1862 og kunne då operere i eit utanrikspolitisk felt prega av Krimkrigen i 1854–55. Der hadde Preussen og Austerrike vore nøytrale, sjølv om Austerrike hindra russarane i å gå fullt inn på Krim ved å flytte troppar.

Storbritannia og Louis Napoleons Frankrike fekk gjennom krigen «flytta» tsaren politisk noko til aust. Europa låg ikkje lenger så direkte «under auga til russarane». Dette, og at italienarane med hjelp frå Napoleon tok Lombardia frå Austerrike i 1859, ei sentral utvikling i Italias samling i 1861, var føresetnader for Bismarcks politikk.

Han førte tre raske krigar, med Austerrike mot Danmark i 1864, med Italia mot Austerrike og ei rekkje tyske statar i 1866 og til slutt mot Frankrike. Den viktigaste av desse krigane var den mot Austerrike, som løyste det tyske spørsmålet på såkalla «vesle-tysk» måte: Austerrike mista ikkje territorium utover Veneto til Italia, men Habsburg-riket vart sparka ut av Tyskland. Det var ikkje mogleg å halde oppe dette multinasjonale riket som del av ein komande tysk nasjonalstat, men det måtte ein krig til for å slå det fast.

Likevel ville Bismarck ha eit slag «Nibelungen-truskap» mellom Tyskland og Austerrike, også av di Austerrike etter tapet i 1866 lurte på å gå saman med Louis Napoleon. Då krigen mot Frankrike kom i 1870, heldt Austerrike seg på matta, og Bismarck sende soldatane frå grensa i søraust til Frankrike.

Tilhøvet mellom dei to trufaste fekk lang tid etter ein mentalitetshistorisk og ironisk formel av austerrikaren Karl Kraus: «Tyskaren seier at situasjonen er alvorleg, men ikkje håplaus; austerrikaren seier han er håplaus, men ikkje alvorleg.» Lat oss gå på operette!

Frankrike tilgav aldri Bismarck krigen i 1870–71, ikkje minst av di Tyskland annekterte Alsace og Lorraine, som ein gong hadde vore delar av det tysk-romerske riket. Det som no kom til, vart kalla eit rike, men det var i realiteten ein sentralisert nasjonalstat av moderne preg, med føderale innslag. Bismarck var verken ein mellomalderriksdrøymar eller ein hurraropande tysklandsfan.

Han sjølv ville eigentleg berre styrkje sitt monarkiske Preussen (ein stat, ingen nasjon) og sin klasse av adelege på landet, men han skjønte at han måtte kompromisse med tidsånda, som var nasjonal-liberal, og som sikla etter desse territoria.

Louis Napoleon hadde på si side gjort nasjonalt sjølvstende til ideologisk grunnprinsipp i utanrikspolitikken: Kva kunne han ha imot litt historisk legitimert anneksjon som del av den tyske samlinga? Keisaren ville naturleg nok ha ei «naturleg» Rhin-grense.

Men han var avsett krigsfange og no vart anneksjonane markerte ved keisarproklamasjon på den slegne fiendens territorium, i den vidgjetne spegelsalen i Versailles – full av tyske fyrstar som til dels hadde føydd seg etter press og hestehandel, ein provokasjon mot det republikanske Frankrike, men òg ei autoritær markering i Tyskland.

Bismarck meinte at Frankrike var og ville bli fienden, og han konstruerte i tiåra etterpå eit komplisert nytt balanse- og forsikringssystem i Europa, med Austerrike og Russland på lasset og verdsrikebritar som tolerante tilskodarar. Disraeli gjorde dronning Victoria til keisarinne av India: ei dyktig sentimental motmarkering på verdscena til prøyssarkeisaren på kontinentet.

Det gjekk til slutt skeis med Bismarcks maktbalanse, Tyskland vart innringa av ein allianse mellom Frankrike og Russland og måtte planleggje tofrontskrig. Det gjekk i grunnen også ein del skeis innanriks, trass i at liberale 48-arar i 1871 hadde falle på kne for mannen som valde «blod og jarn» som verkemiddel. I 1815 og då Austerrike var slått i 1866, voks Preussen umåteleg og slukte store delar av Tyskland.

Men dei slukte tyske landa – ikkje minst dei annekterte fransk-tyske! – viste seg litt ustyrlege, også av di Bismarck ikkje var heilt realitetsorientert. Sjølv utan Austerrike var brorparten av tyskarane katolikkar, men det måtte ein Kulturkampf til før Bismarck skrinla mistanken sin om at katolikkane kan hende hadde meir lojalitet til Roma. Og sosialdemokratane, den langt meir fredelege tyske utgåva av Pariskommunen, forbaud han. Til liten nytte, sjølv om han søkte å ta frå dei våpena ved å innføre arbeidarlover og moderne sosiallovgiving.

Då keisaren døydde i 1888, og den fredeleg innstilte sonen like etter, kom sonesonen Vilhelm II, ein oppfarande ung mann som etter få år sparka politikarrisen Bismarck, for sjølv å kunne regjere meir direkte som folkets sosiale keisar og vinne ein større plass i sola for det tyske folket enn det Bismarck hadde tenkt seg.

Bismarck hadde erklært at riket var «metta». No reiste keisaren årleg fast i alle himmelretningar som var han det verkelege verdsmidtpunktet, mens teikna på himmelen stadig vitna om ein mogleg komande krig.

Bismarck hadde vore realpolitikkens meister. Han var ikkje for å skape noko slikt som verdsriket habsburgaren Karl V hadde regjert over, der sola aldri gjekk ned. Han førte ein avgrensingskrig mot Austerrike for å kunne sveise saman ein slagkraftig tysk sentralstat.

Men då han i 1870–71 brukte Versailles som scene til å proklamere denne samlinga framføre den slagne fienden, gjekk denne nervøse stormakta av ein mann eit demonstrativt skritt for langt. Frankrike samla seg att etter borgarkrigen i 1871 og gløymde ikkje dei tapte provinsane; Bismarck spela rolla som sentralhjerne i 20 år til, men så måtte han gå frå roret.

No kom i staden Vilhelm II, ein nervøs gutunge – ikkje så stor som stormannsgalen, hyperaktiv utan konsentrasjon, på sitt vis sjenerøs og karismatisk, men katastrofal. Han var slett ikkje skuldig i alt, men vart i 1914­–18 sinnbildet på det neste hundreårets urkatastrofe, som ein slags Bismarcks lausunge.

Helge Høibraaten

Helge Høibraaten er filosof.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Hendingane var vikla tett inn i kvarandre og gjekk føre seg på det 19. hundreårets hovudscene, Paris.

Emneknaggar

Fleire artiklar

EssayFeature

Sluttoppgjer

Nokre tal får me tildelte så snart Skatteetaten har motteke fødselsmeldinga. Andre vert plukka opp undervegs i livet, eller avslørte når det nærmar seg slutten.

IvarDale

Sofi Oksanen er av dei  forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.

Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons

LitteraturKultur
Jan H. Landro

Vald mot kvinner som våpen

Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.

KommentarSamfunn
EinarHaakaas

Gjengkrim – ein varsla katastrofe

Det går knapt ein dag utan grove valdshendingar i Oslo. Bak står gjengar og mektige kriminelle nettverk som har vakse fram dei siste ti åra.

For Balázs Orbán, som er politisk rådgjevar for statsministeren, er jobben å halda fast ved dei langsiktige måla til regjeringa mellom alle dei mindre og større oppgåvene i kvardagen.

Foto frå heimesida til Orbán Balázs i regjeringa

UtanriksSamfunn
JeppeBentzen

Verda ifølgje Orbán

BUDAPEST: I ei ny bok fortel ideologen til Viktor Orbán korleis Ungarn vil utfordra den liberale verdsordninga. Weekendavisen har møtt han.

Myndigheten för psykologisk försvar set drapet på to svenske fotballsupporterar i Brussel i oktober i fjor i samanband med påverknadskampanjar mot Sverige.

Foto: Martin Meissner / AP / NTB

Samfunn

Framande makter mot folkhemmet

Sverige merkar presset frå Russland, Kina og Midtausten og har sett ein statleg etat til å spore opp påverknadskampanjar. Bør Noreg gjere det same?

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis