Reportasje

17 tugger per skei

Kvart år vert det laga minst 80 millionar eksemplar. Men kva er ei enkelt yoghurtskei eigentleg verd?

Lang, lang rekkje med små skeier frå stor maskin.
Lang, lang rekkje med små skeier frå stor maskin.
Publisert

Av alt eg lurer på, byrjar eg med dette: Er ikkje skeia på God Morgen-yoghurten til Tine fyrst og fremst ein slik ting ein ikkje tenkjer over er der, før han ikkje er der? Har vi kjøpt ein yoghurt, opna han og blanda yoghurt og mysli, og skeia er der og det berre er å ete, tør eg vedde ein god del på at dei færraste av oss tenkjer på at det attom denne skeia ligg maskiner verde over 30 millionar kroner.

Nei, eg hadde ikkje trudd vi tenkte særleg over skeia i det heile – ikkje korleis ho ligg i munnen, ikkje kor lang ho er jamført med begeret, ikkje at djupna og overflata er laga akkurat slik for å passe akkurat konsistensen, eller viskositeten, som det heiter på fagspråket, til yoghurten – så lenge ho berre sat der ho skulle, mellom det store og det vesle begeret, nett i det vi var yoghurtsvoltne.

Men då måtte eg fort tru om att. For sjeldan har eg opplevd større engasjement kring eit tema eg har fortalt eg skal skrive om: Eg trur enno ikkje eg har møtt nokon som ikkje har hatt ei spontan tilbakemelding på yoghurtskeia. Somme kastar henne med ein gong, andre har skuffa full heime. Det er dei som meiner ho er for flat, for svak og for vanskeleg å få ut av plasten, at nett den plasten alltid fyk vekk. Ja, sjølv dei som aldri har prøvd skeia, har ei meining om henne: Gjerne det at slikt plastsløseri held dei seg langt, langt unna.

Dei om det. Vi skal andre vegen, tett på yoghurtskeia, så tett det går an å kome.

Ein maskinpark til 32 millionar

Kring eit møteromsbord på ein plastemballasjefabrikk litt utanfor Moss er vi rett over fødestaden. Her, på fabrikken som lokalt er mest kjend som «fabrikken som byter namn heile tida», RPC og Promens og no Berry, har det sidan 1993 vorte produsert mange titals millionar kliss like yoghurtskeier kvart år. No må det minst 80 millionar til for å dekke alle God Morgen-yoghurtar, alle rislunsjar og alle fjordlandgrautar. Det har vorte fleire og fleire i mange år, og slik skal det mest truleg halde fram: Så lenge både yoghurt og ferdiggraut er produktgrupper i vekst, og vi forbrukarar vil kjøpe dei som det bransjen kallar «on the go», altså ferdig til å ete i farten, må dei produserast.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement