¿ Krigen om privatlivets fred

Utuktstiltalen mot Agnar Mykle i 1957 erstatta ei rettssak som ikkje lét seg reise, nemleg om krenking av privatlivets fred. Rettssaka om utukt vann Mykle, men den meir alvorlege skuldinga om å ha hengt ut uskuldige menneske, vart hengande ved han.

F.v. Karl Ove Knausgård, Thomas Woolfe, Henrik Ibsen, Agnar Mykle og Henry Miller.
F.v. Karl Ove Knausgård, Thomas Woolfe, Henrik Ibsen, Agnar Mykle og Henry Miller.
Publisert

Lytt til artikkelen:

Det er ti år sidan det fyrste bindet av Karl Ove Knaus­gårds Min kamp skaka det kulturelle Noreg sterkare enn noka anna litterær hending sidan Agnar Mykles Sangen om den røde rubin i 1956, med rettssaka året etter. Sidan Min kamp i 2009 har det litterære ordskiftet her i landet handla mest om den såkalla «røyndomslitteraturen», der forfattaren opptrer i diktverket under eige namn saman med slekt og vener, eller det vert nytta lett forkledde modellar og hendingar som ligg tett opptil personane og intrigen i romanane, som til dømes i Vigdis Hjorths Arv og miljø frå 2014.

Men i det lange ordskiftet har det knapt vore snakk om sjølve grunnsaka når det gjeld bruk av levande modellar i norsk litteratur, nemleg Mykle-saka. Det må ein kalle ei forsøming, for det var særleg i rettssalen at Mykle-saka handla om pornografi. Elles var det meste av forarginga over Rubinen, som den omstridde romanen hans vert kalla for å gjere det enkelt, knytt til korleis forfattaren nytta levande modellar for romanpersonane sine.

Både i den nyare striden om «røyndomslitteraturen» og i Mykle-saka vart det underrapportert kor vanleg levande modeller er i diktinga. Her kunne ein nemne Amalie Skram, August Strindberg, Thomas Wolfe, Henry Miller, Anaïs Nin og mange andre, som alle skriv sjølvbiografisk basert litteratur som dreg inn forfattarens familie, vener og kjærastar. Også Henrik Ibsen lånte frå røyndomen til diktinga si. Då han skreiv Et dukkehjem, tok han Noras vekselforfalsking frå ei kvinne i sin eigen omgangskrins, forfattaren Laura Kieler, som i tida etterpå vart utsett for sladder tufta på dramaet.

I Fra Kristiania-Bohêmen skreiv Hans Jæger om sitt eige liv og om ein ven som tok livet sitt, og denne nærleiken mellom romanen og røyndomen kan ha vore ei medverkande årsak til at romanen vart forboden og forfattaren fengsla. Christian Krohgs Albertine vart inndregen meir på grunn av personvernet for levande modellar enn for pornografi. Same sak gjeld Rubinen. Litteraturkritikken og debatten handla ikkje mest om seksualiteten i romanen, men om Mykles bruk av levande modellar for romanpersonane sine. Tiltalen mot Mykle og forlaget hans, Gyldendal, for brot på «utuktsparagrafen» om pornografiske skrifter kom som ei overrasking på alle.

Men dei levande modellane vart stilte i skuggen av rettssaka, som berre handla om pornografi. Dimed vart Rubinen i ettertida stadig meir sett i ljoset av den kulturkrigen om kjønnslivet som hadde gått føre seg i landet sidan det moderne og kulturradikale gjennombrotet på slutten av 1800-talet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement