¿ Inneklemd verdi

Vi kan verke kjøpe eller selje det, og lageret kan ikkje gå tomt. Likevel kan det syne seg å vere noko av det mest verdifulle vi har.

Ser du noko du saknar? Om vi held att nett no, skal vi ta på kvarandre igjen – når vi er glade og triste, har vunne eller tapt, privat og politisk, fordi noko skal vare evig eller berre vere i augneblinken.
Ser du noko du saknar? Om vi held att nett no, skal vi ta på kvarandre igjen – når vi er glade og triste, har vunne eller tapt, privat og politisk, fordi noko skal vare evig eller berre vere i augneblinken.
Publisert Sist oppdatert

Eg trur vi alle har minst éin vi hugsar ekstra godt. Ein klem som var akkurat slik vi trong, akkurat då vi trong han mest. Sjølv har eg hatt ei venninne som gav så utruleg gode klemmar – klemmar som omfamna heile meg, som såg meg og alltid kjendest ekte.

Sidan har vi mista kontakten, men eg kan framleis hugse kor godt det var å kome til henne når noko var leitt – eller møte henne tilfeldig på gata og få ein klem berre fordi vi var glade for å sjå kvarandre. Klemmar og andre former for fysisk kontakt – berøring – er jo ikkje berre for tunge stunder, men òg for dei gode. For å syne nærleik, omsorg, kjærleik, støtte og hjelp.

Nett no må vi bokstavleg tala halde oss unna, i det minste andre enn dei aller næraste. Men koronaviruset er ein unntakstilstand. Vi vil, og skal, ta på kvarandre igjen. Vi skal ta på dei vi har sakna av heile vårt hjarte, og endeleg får sjå att, og dei vi ikkje eingong veit kva heiter. Vi skal røre ved varm menneskehud for å stadfeste ein iskald forretningsavtale, sette lepper mot lepper for å stadfeste at oss to skal det vere i gode og vonde dagar, og halde fast i ei hand som frå ein augneblink til den neste sluttar å klemme attende.

Tolv klemmar for å vekse

Det kostar ingenting. Lageret for berøring går ikkje tomt. I si ekte, genuine form kan ikkje berøring verken kjøpast eller seljast. Likevel vert det beint fram latterleg å seie at fysisk kontakt ikkje har verdi. Men kva verdi er det snakk om? Kan vi klare å måle han?

Det er gjort nok av forsøk på å kvantifisere trongen til klemmar. Den amerikanske terapeuten Virginia Satir vert gjerne kalla familieterapiens mor, og er spreidd over heile internettet med sitatet: «Vi treng fire klemmar om dagen for å overleve. Vi treng åtte klemmar om dagen for vedlikehald. Vi treng tolv klemmar om dagen for å vekse.» Vidare fløymer det over av små, søte bilete med tekstar som «Gjennomsnittspersonen ynskjer seg 13 klemmar om dagen» og «Ein klem må vare i 20 sekund for å ha medisinske eigenskapar».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement