JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Feature

Hovudstaden som forsvann

OSLO: I dag for 500 år sidan stakk ein danske Oslo i brann for å forhindra at svenskane tok Noreg med seg då dei i 1523 lausreiv seg frå Danmark. Ikkje før i 1814 mista danskane oss til Sverige.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Arkeolog og prosjektleiar Håvard Hegdal ved nedgangen til Clemenskvartalet, der utgravingane no er avslutta. Arkeologteltet bak til høgre.

Alle foto: Håvard Rem

12925
20230331

31. mars 1523

Hans Mule, oslobiskop og øvstkommanderande på Akershus festning, sette Oslo i brann for å svekkja ei svensk kringsetjing av festninga.

I bakspegelen

havard@dagogtid.no

I år markerer svenskane at det er 500 år sidan dei lausreiv seg frå Danmark. 6. juni 1523 er deira 17. mai 1814. Det kunne ha vore vårt òg. Svenskane freista å ta Noreg med seg i lausrivinga. Troppane til Gustav Vasa gjekk ikkje berre mot Stockholm for å kasta danskane ut, men mot Oslo òg. Sørnorsk allmuge stod klår til å ynskja dei velkomne som frigjerarar.

Brannen i 1523

Men Akershus festning hadde fått ein dansk øvstkommanderande, Hans Mule. Danskekongen var skremd av at ein norsk øvstkommanderande, Knut Alvsson, nyleg hadde gjort opprør. Og Hans Mule gjorde alt som stod i hans makt for å forhindre at Oslo og Noreg gjekk frå Danmark til Sverige –?slik det gjorde nær 300 år seinare, i 1814.

Medan svenske troppar i mars tek Østfold og nærmar seg Oslo, tømmer han høgmellomalderkyrkjene i hovudstaden for verdisaker, som vert førte til Akershus festning, som låg og ligg godt synleg på hi sida av Bjørvika.

31. mars 1523, kan henda dagen før eller etter, sett han fyr på byen. Kvifor? Brent jords taktikk. I ein utbrend by, utan proviant, kan ikkje svenskane makta ei langvarig kringsetjing. Taktikken lukkast. Akershus festning fell ikkje. Gustav Vasa tek Stockholm, men ikkje Oslo.

I brannen i 1523, og sidan i 1567, forsvinn restane av høgmellomalderhovudstaden i Noregsveldet på 1200- og 1300-talet. Og drygt ti år etter kjem reformasjonen. Då vert Noreg dansk på papiret òg. Dei fleste store katolske kyrkjene i byen vert ikkje restaurerte etter brannen. Dei vert til steinbrot og rivne ­– ikkje minst etter at svenskane i 1567 går til eit nytt åtak på Oslo. Og no er det dei, og ikkje danskane, som stikk byen i brann.

Hundre år etter 1523-brannen, i 1624, vert heile hovudstaden tvangsflytta over Bjørvika til området under festninga, Kvadraturen. Gamlebyen gror til. Hovudstaden i Noregsveldet vert gøymd og gløymd: Krosskyrkja, Olavsklosteret, St. Hallvardskatedralen, Bispeborgen, Clemenskyrkja, Nikolaikyrkja, Saxegården, Kongsgarden, Mariakyrkja, gatene og laftehusa, bryggjene og hamna.

Clemenskvartalet

Dei fyrste utgravingane kom med jarnbanen. Ei ny stor utgraving vert avslutta i desse dagar.

Midt i Bispevika i Bjørvika i Oslo går me ned i ei djup grøft, nær fire meter under dagens hav- og bakkenivå, ein meter eller to under hav- og bakkenivået i mellomalderen. Då prosjektleiar Håvard Hegdal i Norsk institutt for kulturminneforsking (NIKU) byrja utgravingane her, i lag med Norsk Maritimt Museum (NMM) og Kulturhistorisk Museum (KHM), åt dei seg stykke for stykke innover, ned til hamna, i den byen som låg her i 500 år, før han for 400 år sidan forsvann då folka vart flytta vestover, over Bjørvika.

I dag har dei smale grøftene vorte som ein open, flat fotballbane, framleis nær fire meter under bakken, Clemenskvartalet, med namn etter ei av mellomalderkyrkjene som stod her, Clemenskyrkja. Hegdal og dei andre arkeologane pakkar saman over påske. Oslo Utvikling (OSU) har teke over. Snart skal nye bustadblokker reisa seg og blanda seg med Barcode-profilen.

Landhevinga

Me står øvst i trappa. I vest ligg vasspegelen og Munchmuseet, i aust motorvegen og Middelalderparken, der eit kunstig basseng attskapar den gamle strandlina i mellomalderen. På fotballbanen der nede kan Hegdal peika ut fem fasar av bryggjeanlegg: Tidleg mellomalderbryggje (før 1250), høgmellomalderbryggje (1300–1350), øydetid med skipsvrak (1400–1500), renessansehamna (1500–1606), og siste fasen før tvangsflyttinga (1614–1624).

Dei yngste bryggjene ligg mot Munchmuseet, dei eldste mot Middelalderparken. Hegdal fortel:

– Normalt, i ein vanleg by, ville bryggjefunna lege horisontalt, oppå kvarandre. Det gjer dei ikkje her. Her ligg dei vertikalt, litt skrått på rekkje og rad.

– Kvifor?

– Det kjem av landhevinga etter istida. Byen lyfta seg, strandlina flytta seg, og hamna flytta etter.

Han peikar mot to gule gravemaskinar midt på tomta:

– Der gjorde me to av dei største båtfunna.

Om lag der trenarbenken står på ein fotballbane, står teltet til arkeologane. Utanfor ligg restar av trevirke, frå bryggjer og skip. På rekkje og rad står fagfolk frå NIKU og spyler leire i gullgravarrister. Gjenstandar hamnar på eit bord i teltet, hjå funnansvarleg Solveig Thorkildsen. Mange av funna er frå før 1350 og syner handverkstradisjonar som forsvann med svartedauden. Ei suppeskål av gran eller furu, halden saman av vidjeband. Fottøy av lêr, fint garva skinn. Ein ball av lêr, stor som ein tennisball. Ein kam av reinhorn, frå 1200-talet, med utskjeringar og kvar einaste tann heil og på plass. Eg spør Hegdal og Thorkildsen:

– Når kan oslofolk få sjå funna?

– Me er snart ferdige med jobben vår her, så det er ikkje opp til oss, men til Kulturhistorisk museum.

Gateparti frå Bispeallmenningen mellom hamna og St. Hallvardskatedralen. Øvst til venstre, før katedralen, ser ein murar til Bispeborgen, no Oslo Ladegård.

Foto: Tidvis / Oslo1324.no

Vendeåret 1523

1523 er eit år som meir enn mange andre lèt oss skjøna korleis Skandinavia og dei skandinaviske grensene vart som dei vart, som dei er i dag.

Meir enn 1814 – for rett nok gjekk då Noreg frå Sverige til Danmark, som ein del av freden i Kiel, men elles hadde Skandinavia for det meste funne grensene sine. Og meir enn 1658 – for rett nok gjekk då Bohuslän frå eit dansk Noreg til Sverige, som ein del av freden i Roskilde, men det var trass alt ei mindre justering. 1523 var året då heile Skandinavia var i støypeskeia.

Ei definert mellomtid

Vil ein skjøna kvifor 1523 vart så viktig, treng ein to historiske knaggar, som dei fleste er så heldige å ha: svartedauden kring 1350 og reformasjonen kring 1530.

I mange samanhengar er svartedauden og reformasjonen to uvanleg viktige milepålar, med dei kring fem generasjonane mellom hendingane som ei definert mellomtid. Ta til dømes soga til språket du les på no. Norsk målsoge er delt i fire. Éin: urnordisk frå 500 til 700. To: norrønt frå 700 til 1350. Fire: moderne norsk frå 1525 til i dag. Merk deg periode tre: mellomnorsk, frå 1350 til 1525, frå svartedauden til reformasjonen.

Med svartedauden kring 1350 tek norrøn tid slutt. Med reformasjonen kring 1525 byrjar moderne tid. Men mellom norrøn og moderne tid er det ei overgangstid, der mykje er i kaotisk spel.

Språk, tru og stat i støypeskeia

I spel er då sjølve hjørnesteinane i det me tenkjer på som nasjonen og fedrelandet ­–?både språket og trua, statsgrensene og styreforma. Trusskiftet, frå katolisisme til lutherdom, kom med reformasjonen. Språkskiftet, frå norrønt til moderne norsk, finn stad i overgangstida vår.

Store grenseskifte òg. Mellomtida vår byrjar med at dei norrøne versjonane av Sverige, Danmark og Noreg går inn i ein union og eit kongefellesskap –?eit dronningfellesskap, for å vera presis. Den fyrste monarken i Kalmarunionen er dronning Margrete (1353–1412), fødd dansk, gift norsk. Strengt teke var ho ikkje dronning over berre Skandinavia, men over Norden, for Finland høyrde til Sverige, og Færøyane, Island og Grønland høyrde til Noreg.

Skandinavisk union

Kvifor ein skandinavisk union? Kvifor ikkje? Skandinavismen hadde mange tilhengjarar på 1800-talet òg. Kva ein reknar som hjørnesteinar i ein nasjon –?språk og tru, soge og etnisitet, økonomi og geografi – var nokså sams.

Unionen på 1300-talet spegla trugsmålet frå ein annan union: Hansa-samanslutninga. Slik somme i nyare tid har sett føre seg nordisk og skandinavisk samarbeid som eit alternativ til større unionar, merkantilt og militært, som EU og Nato, kan ein tenkja seg at skandinavane på 1300-talet ville stå saman mot det stadig mektigare sambandet av Hansa-byar. Samhald gjev styrke.

Svartedauden endra styrketilhøva i unionen. Mest svekt var Noreg – der det tok dobbel så lang tid å få opp folketalet att. I eit land med få folk og mange fjell vart det indre samhaldet svekt. Den norske regjeringa, riksrådet, møttest sjeldan.

Hårkammen frå 1200-talet er laga av reinhorn.

Austlandet som kasteball

Alt før pesten var Noreg mindre samansveisa. Vestlandet og Austlandet var skilde av Langfjella. Viken og Danmark var knytte saman av sjø, og delar av Austlandet hadde i periodar vore dansk.

Fyrst i 1241 gjorde ikkje lenger Danmark offisielt krav på Oslo og Viken. Det var ved inngangen til Noregsveldet. Med Noregsveldet tenkjer dei fleste på dei oversjøiske områda, Vesterhavsøyene, Færøyane og Island. Men den viktigaste erobringa var at ein sikra Viken – etter at Danmark hadde gjort krav på området i 500 år. Det var ikkje fyrst og fremst Sogn og Fjordane danskane sikla på.

Svenskane sikla, dei òg. Hugs at då Noreg i 1905 braut ut av unionen med Sverige, hadde Austlandet vore ein kasteball mellom Sverige og Danmark sidan 1300-talet.

Ein dag i 1523

Rivaliseringa om Austlandet gjev endå ein innfallsvinkel til 1523, og då ikkje berre til heile året, men til ein særskild dato – 31. mars 1523.

Noko glansbilete var ikkje hovudstaden Oslo før brannen, fure og vêrbite av svartedauden på 1300-talet og fordanskinga på 1400-talet, men denne dagen vart byen øydelagt i brann, det fremste visuelle uttrykket for Noregsvelde og stordomstid.

Kvifor brann den stolte hovudstaden? Som nemnt: Av di svenske styrkar var i ferd med å kringsetja byen. Stod dei bak eit fiendsleg åtak på Oslo og Noreg? Eller ville dei hjelpa Noreg til å lausriva seg frå Danmark, slik dei sjølve lausreiv seg frå Danmark nett på denne tida?

Det kjem an på augo som ser. For danskane var det sjølvsagt eit fiendsleg åtak. Dei såg no på Viken som dansk, slik dei hadde sett på Viken før òg. Og då det svenske åtaket kom, hadde dei på tradisjonelt vis gått i dekning i borga, i lag med verdisakene, medan byen utanfor borga fekk klara seg sjølve –?ja, ikkje det eingong, han vart brend ned, for ikkje å koma svenskane til nytte.

Øvstkommanderande Hans Mule (1490–1524) var ein ung lågadelsmann frå Odense. Han var ikkje nøgd med å vera hovudsmann på Akershus. Han ville vera biskop òg. I eit Oslo prega av lovløyse og sjølvtekt nytta han valdelege gjengar til å sikra seg bispeembetet.

13 år seinare vart alt endra med reformasjonen. Kyrkjegods vart krongods og Noreg dansk. Då var Hans Mule daud. Hausten året etter brannen forliste han og drukna utanfor Skagen, på veg til danskekongen for å få godkjent resultatet av forhandlingar mellom det norske riksrådet og danske utsendingar.

Tidsmaskinen

Med seg i den våte grava si tok Hans Mule hovudstaden i Noregsveldet. Jau, byen var prega av naud og pest, men før Mule stod framleis dei store bygningane frå kring 1300.

Kven har ikkje drøymt om ei tidsreise? I tenåra diskuterte me kva for årstal ein ville ha valt å vitja. Draumen fekk næring av Petter Smart, sidan av Doc Brown, den galne forskaren i Back to the Future-trilogien. I dag ville eg ha vitja Oslo i 1324, ti år etter at han vart hovudstad, men før herjingane til svartedauden og eldstiftinga til Hans Mule.

Faktisk finst tidsmaskinen, i Oslo Ladegård i Oslo gate, det som på 1300-talet var bispeborga i Nordre Strete. Der møter eg Ragnhild Hutchison, 1700-talshistorikar og dagleg leiar i Tidvis , eit selskap som formidlar historisk forsking ved hjelp av databasar og spel, 3D-modellar og animasjonar.

Hutchison tek meg med inn i eit sidebygg med tjukke steinmurar, truleg bispekontoret i mellomalderen. No er eg i eit lite rom med berre kvitt lerret kring meg, drygt 20 kvadratmeter lerret, og ein spelkontroll. Året 1324 vert tasta inn.

1324

Byen kjem til live. Han er ikkje Paris eller London, men folketalet er om lag som i København og Stockholm, og trass alt er han hovudstaden i eit rike som har den største geografiske utstrekninga i Europa, med god hjelp frå Grønland. Folk bur tett i tett i laftehus mellom hamna og store kyrkjer og borger i mur og stein. Hutchison fortel:

– Her kan åtte- og åttiåringen stå side om side, den yngste med spelkontrollen i handa medan den eldste seier kor dei skal gå.

Brått går me inn i eit av husa. Ho held fram:

– Me puttar inn ei halv barneskuleklasse, og ut kjem ei halv vidaregåande klasse. Modellane ligg fritt tilgjengelege. Dei som vil, kan nytta dei i musikkvideoar, guidar og dataspel.

Den levande byen eg no vitjar, vart berre få år seinare råka av svartedauden. Modellen er eit realistisk utgangspunkt for apokalyptiske og postapokalyptiske scenar frå 1350 og seinare. Hutchison fortel:

– Me utviklar han stadig, avgrensa av økonomien. Me får ein del frå offentlege stønadsordningar, og så har Sparebankstiftelsen DNB vore særs viktig. Denne opplevinga er delvis folkefinansiert òg. Runeinskripsjonane på tømmerveggene er namn på bidragsytarar. Til sumaren har me ei ny lansering, då med eit spann hestemøk i hjørnet for å attskapa lukta. Og med meir kvardag i gatebiletet.

Kan henda er det i 1324-spelet dei hamnar, somme av funna som i nokre dagar enno ligg på bordet i arkeologteltet i Bispevika, mange av dei frå tida før svartedauden –?hårkammen og suppeskåla, lêrballen og fottøyet.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

SKRIFTSTADEN. Ivar Aasen dikta truleg «Vise om Giftermaal» her på lensmannsgarden i Litlebergen nord for Bergen i 1843. Måla av M. Roti i 1899. Faksimile frå Jarle Bondevik og fleire (red.): Målsamlingar frå Bergens Stift av Ivar Aasen, 1995.

Foto: Nasjonalbiblioteket

Kultur

Den bortkomne Aasen-visa

Ungkaren Ivar Aasen (30) dikta ei ungkarsvise i 1843 som kom bort for Aasen-kjennarane og blei ei skillingsvise for folk flest.

Ottar Grepstad

Ei palestinsk kvinne passerer ruinane av bustadblokker i Hamad i Khan Younis sør på Gaza 13. mars 2024.

Foto: Ahmed Zakot / Reuters / NTB

KrigSamfunn
Morten A. Strøksnes

Alt dette var ikkje nødvendig

Krigen i Gaza er ikkje eit brot, men snarare ei logisk fullbyrding av politikken som er ført dei siste femti åra i Israel.

Ferdigmathylla på butikken er ofte ganske stor. Men er det dei små som handterer ho best?

Foto: Terje Pedersen / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Ferdigmiddag

Det kan sjå ut som smådriftsfordelar bør få dominere norsk ferdigmatproduksjon. 

Presidentkandidat Donald Trump gjer honnør når dei spelar av opptaket der dømde etter 6. januar-åtaket på Kongressen syng nasjonalsongen i kor.

Foto: Jeff Dean / AP / NTB

KommentarSamfunn
Torbjørn L. Knutsen

Val på kanten av stupet?

– Om eg ikkje vinn presidentvalet i haust, betyr det slutten på det amerikanske demokratiet, sa Trump på eit valmøte i Ohio sist helg.

Markeringa av den internasjonale kvinnedagen 8. mars 2024 på Youngstorget i Oslo. Abida Raja heldt appell mot æreskriminalitet og kvinneundertrykking.

Foto: Javad Parsa

Samfunn

Den seigliva æresvalden

Debatten om æreskriminalitet er gamal. Framleis manglar dei heilskaplege løysingane, seier forfattaren Terje Bjøranger.

PernilleGrøndal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis