Matmonsen
Jordbærhimmelen
Klassikaren: jordbær med sukker og kremfløyte.
Foto: Dagfinn Nordbø
Sommaren kjem med kongen av alle bær: jordbæra. Vêret har vore så bråvarmt i år at fleire bønder ikkje rakk å hausta alle, og det er synd.
Det må vere trasig for ein jordbrukar å sjå på at den rike avlinga ikkje blir plukka. Det er sjølvsagt ikkje bra for bonden, for folk pungar jo gladeleg ut med sytti kroner for ei korg – det gjer i alle fall eg!
Her i huset går det no i jordbær kvar einaste dag, oftast i den klassiske varianten: Eg reinskar vekk kronblada, legg bæra i tallerkenen, deler dei opp med kniv og heller over kremfløyte. Så strør eg over demerarasukker, som gir herleg knas og mykje rikare smak enn kvitt sukker.
Eg blir aldri lei. Eg har instruert ungane mine om at det skal vere jordbær i gravølet mitt, så eg får passe på å trekkje mitt siste sukk i månaden juli. Då vert jo også gravølet rimelegare, fordi alle er på fellesferie. Ein lyt no tenkje på alt i desse dyrtider.
Det finst ein bråte bruksmåtar for jordbær. Har du ein blender i huset, kan du til dømes køyre frosne bær saman med kefir eller naturell yoghurt og honning etter smak. Det er ein fin måte å bruke til dømes importerte bær på, som ofte ikkje har den søtleiken du føretrekkjer. Pynt med basilikum eller frisk mynte, og topp med nokre hakka nøtter. Eller lag din eigen frukostgranola ved å dele nokre jordbær, eit halvt eple og ein halv banan i bitar. Hell over havregryn, gjerne den grove typen (steel cut), og tøm over kefir eller tjukkmjølk. På toppen dryssar du sukker eller honning.
Ein annan favoritt her i huset er jordbær med balsamico, som du lagar på denne måten: Skjer friske jordbær i skiver, drypp over litt god balsamicoeddik (gjerne ein tjukk, søtleg type) og eit lite dryss nykverna svartpepar. La det stå i 10–15 minutt for å trekkje smakane. Server som ein enkel forrett, eventuelt som dessert med litt vaniljeis eller mascarponekrem.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.