emne

Vekas ord: å hytte

Hytting fekk ei etterlengta oppstode etter ei hending på Lorry sist veke.

Nikolai Astrup på veg til slottsmiddag saman med digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Tung. Ikkje ana han då at kvelden skulle ende med hytting på utestaden Lorry nokre timar seinare.
Publisert Sist oppdatert

På sjølvaste frigjeringsdagen 8. mai i 2007 vart ei ny gruppe etablert på Facebook. Målet var å kjempe «en stille kamp for retten til å kunne hytte mer med neven enn det som i dag er sosialt akseptert».

Mens folk i tidlegare tider hytta i tide og utide, «kan man i dag knapt løfte hånda før folk ser rart på en». Meir enn 18 år har gått sidan etableringa av «Folk som gjerne kunne tenkt seg å hytte mer med neven», men vegen fram til gjennomslag har vore lang. Dei er berre 21 medlemmer.

Og hytting er framleis sosialt uakseptabelt.

Det fekk Nikolai Astrup erfare førre veke. Seint ein kveld på utestaden Lorry i Oslo skal Høgre-politikaren ha hytta med neven mot ein politisk redaktør. Akkurat kva som skjedde, er uklart, og det å ettergå/rekonstruere/gjenfortelle hendingar og diskusjonar frå seine nattetimar på utestader, er sjeldan klårgjerande. Påstand står mot påstand.

Åstaden for den påståtte hyttinga var utestaden Lorry i Oslo.

Men Tore Gjerstad i Dagens Næringsliv gjorde no eit heiderleg forsøk, og han innleia saka med følgjande: «I en opphetet diskusjon etter slottsmiddagen hyttet Høyres lederkandidat Nikolai Astrup med knyttneven opp i ansiktet på politisk redaktør Eirik Mosveen.» 

Nikolai Astrup, som altså hadde vore på middag på slottet, sessa seg inst i lokalet i andre etasje på Lorry. Nokre bord unna sat Eirik Mosveen med vener. Sistnemnde vart invitert til fyrstnemnde sitt bord, og der byrja Høgre-mannen «med en veritabel utskjelling av Mosveen».

Skattelette

Bakgrunnen skulle vere ein kommentar som Eirik Mosveen skreiv i Avisa Oslo før valet. Tittelen var: «Ingen slagord. Bare seks millioner i skattelette til Nikolai Astrup»

Eirik Mosveen hadde nytta kalkulator og rekna seg fram til at dersom Høgre vann valet, ville partiets næringspolitiske talsmann få fem hundre gonger meir i skattelette enn folk flest. Det var ei bra frekk og tabloid vinkling, som nær insinuerte at Nikolai Astrup, busett på Bygdøy og med 625 millionar kroner i skattbar formue, mjøla si eiga kake når han snakka så varmt og engasjert mot formuesskatten. 

Det var iallfall slik Nikolai Astrup las kommentaren, og på Lorry fann han at tida var inne for å konfrontere kommentatoren.

På eit tidspunkt i diskusjonen/krangelen «hyttet Astrup ifølge DNs kilder med knyttneven opp i ansiktet på Mosveen». 

At nokon hyttar mot Eirik Mosveen, er ikkje til å undre seg over.

Dritsekkane i VG

Eirik Mosveen er ein slugger i skrift og tale, som tidleg i si journalistiske karriere var rockejournalist i musikktidsskriftet Beat. Han vart politisk journalist i VG og seinare leiar av politisk avdeling. Frå 2020 har han vore politisk redaktør i Avisa Oslo. Han er omtalt i fleire politikarbiografiar. Jens Stoltenberg kalla han «særleg pågåande» i Min historie, mens Liv Signe Navarsete i boka Eg veit kva eg snakkar om! omtala han som «den aldri kvilande VG-journalisten Eirik Mosveen».

I boka Ærlig talt av den no abdiserte Frp-keisaren Carl I. Hagen vart Eirik Mosveen og kollegaen Rolf Sønstelie omtala som «drittsekkene i VG». Gemalen Eli Hagen hadde to år tidlegare utgitt Elskerinne, sekretær og hustru, der ho kom med ein svært nedsetjande karakteristikk om Mosveen, og fortsette: «Sant eller ikke sant, pytt sann, hva spiller det for rolle bare jeg får tatt rotta på noen – og da helst Carl Ivar Hagen!»

Med andre ord er rekka lang over politikarar som nok gjerne ville hytta Eirik Mosveen i andletet. Men er Nikolai Astrup ein hyttar? Han avviste det sjølv, men morgonen etter fann han det no opportunt å ringe Mosveen og beklage. 

Heilt kva han beklaga, er uklart. Ifølgje Mosveen var det ein «uforbeholden og grundig beklagelse. Den beklagelsen aksepterte jeg. Saken er dermed ute av verden for mitt vedkommende».

Men det var ho ikkje.

Trump og nazistane

For då Nikolai Astrup to dagar seinare lanserte sitt kandidatur som ny leiar i Høgre og dermed kunne verte ein framtidig statsministerkandidat, fann ansvarleg redaktør i Avisa Oslo det riktig å gå ein runde til. Eirik Hoff Lysholm stilte spørsmålet: «Kan Norge ha en statsminister som oppfører seg slik Nikolai Astrup gjorde overfor Avisa Oslos politiske redaktør på Lorry forrige uke?»

Han argumenterte sjølv mot at det ikkje var mogeleg. Ein statsminister måtte ha kontroll over eige temperament, skreiv han, han måtte ha evna til å prioritere viktige saker og ha ei forståing av pressas rolle i eit velfungerande demokrati. I grunngjevinga for det siste viste han til «nazistenes stempling av frie medier som 'lügenpresse' eller Donald Trumps angrep på 'fake news'».

Ja, han kokte seg opp, noko han fekk tyn for. Sjølvsagt kunne landet ha ein hyttande statsminister. Raudt-politikaren Mímir Kristjánsson snudde problemstillinga og stilte spørsmålet: «Bør Norge ha en statsminister som aldri har dummet seg ut og bedt om unnskyldning for det?» 

Nei, meinte han, og fekk over 5000 likes. Kristjánsson er elles forfattaren av boka Hva ville Gerhardsen gjort?. Landsfaderen Einar Gerhardsen hytta rett som det var. 

 

Kan Noreg ha ein hyttande statsminister? På talarstolen hytta no Einar Gerhardsen rett som det var.

Aggresjon utan slagsmål

I Norsk Ordbog med dansk Forklaring av Ivar Aasen vert hytting forklart som «en truende Bevægelse». I bøker og avisartiklar finst det mange døme. Folk hyttar med stokk, med kjepp, med kniv, ljå, kjevle og skistav, men det vanlegaste er å hytte med handa, neven eller knyttneven. Eller det meir forsiktige ­– med ein peikefinger.

I 2019 gav komikaren Atle Antonsen ut boka 101 ord du trodde du kunne. På side 14, mellom brilleskille og pleti, tek han for seg verbet å hytte: «Denne nå forgagne stolte og aggressive gesten som fullstendig har blitt presset ned i grøfta av det å vise fingeren.»

Hytting er ei direkte avlevering av visuell aggresjon utan vilje til slagsmål, meinte han. For ein som hyttar, vil ikkje slost. Det er eit uttrykk som tyder «pass deg» eller «fy skam!».

No skal det leggjast til at Eirik Mosveen sjølv skreiv på Facebook at han ikkje hadde lagt merke til at nokon «hyttet med neven til meg denne kvelden, aller minst Astrup». 

Og til sist: Facebook-gruppa «Folk som gjerne kunne tenkt seg å hytte mer med neven» er så godt som nedlagt. Siste innlegg er frå oktober 2008. Det vil seie, denne veka kom det eitt til:

«Nå må dere kjenne deres besøkelsestid!»