Kommentar

Soneforsvar

I Debatten på NRK denne veka snakka dei om sentralitetssoner. Kva i all verda er det?
 

Det var Tuva Moflag som måtte svare på vegner av Arbeidarpartiet i spørsmålet om brutte lovnader. Det var taktisk lurt. På kort sikt.
Publisert Sist oppdatert

Det har storma rundt Arbeidarpartiet denne veka, og nok ein gong vart oppvasken teken i Debatten på NRK. Fredrik Solvang og redaksjonen hadde budd seg godt, og køyrde ein informativ og – for Arbeidarpartiet – drepande gjennomgang av hendingane frå dei siste vekene. Dessverre openberra ingen frå leiinga seg i studio. Statsminister Jonas Gahr Støre, finansminister Jens Stoltenberg og helse- og omsorgsminister og nestleiar Jan Christian Vestre var alle opptekne på anna hald, og inn til inkvisisjonen sende dei i staden Tuva Moflag frå Ski, leiar av Stortingets finanskomité.

Det var ikkje spesielt riddarleg gjort av partileiinga, men taktisk lurt. Iallfall på kort sikt. Ho visste akkurat nok om det finanspolitiske, og akkurat for lite om bakgrunnen, kaoset og samtalene som hadde vore mellom dei tre hovudpersonane.

«Korleis kunne dette skje, eigentleg?» spurde debattleiaren Fredrik Solvang. I atten minutt hadde då Tuva Moflag måtta lide seg gjennom sitat, videoklipp, spydige kommentarar og generell latterleggjering av eige parti.

«Det er vanskeleg for meg å seie nøyaktig korleis dette kunne skje. Eh... Den viktigaste erkjenninga vi har kome med i dag, er at dette ikkje skulle ha skjedd», svara ho, og så kom det:

«Vi har sagt til veljarane at dei skulle få gjeldssletteordning i både sentralitetssone fem og seks...»

Stopp! Dette med sentralitetssoner hadde gått meg hus forbi, og eg strekte meg straks etter telefonen i sofaen og sette meg til å google. Første treff var Statistisk sentralbyrå og sida Standard for sentralitet.

Alle vil til byen

For nordmenn flest, ikkje alle, er sentralitet ein verdi. Bur ein sentralt, har ein tilgang på offentlege tenester som Nav, post, bibliotek, politi, sjukehus, biltilsyn, vinmonopol og – som regel – eit betre kollektivtilbod. Dei som buset seg sentralt, har også fleire kulturtilbod, kino, teater, museum, galleri, opera, litteraturhus og så bortetter. I sentrale strok er det òg fleire høgskular, kafear, restaurantar, kaffibarar, det er Hennes & Mauritz, Clas Ohlson, McDonald's, Ikea og Nille. For å nemne noko.

Sidan nordmenn flest, ikkje alle, set pris på slike tilbod, har det vore ein klar tendens at folk graviterer mot sentrale strok. Dei forlèt distrikta og klumpar seg saman i byar. Dette er ikkje ønskjeleg, for eit uttalt politisk mål er å ta heile landet i bruk, og derfor vil styresmaktene kompensere dei som vel å busetje seg på stader der ein ikkje kan ta seg eit glas prosecco før dei set seg i operaen for å sjå Tryllefløyten

Eller kompensere, det handlar meir om å gjere det meir attraktivt å bu stader der ein må setje seg i bilen og køyre fleire kilometer for å levere born i barnehage eller kjøpe lettmjølka og fiskepinnane. For det har synt seg at sjølv om dei har billegare og større bustader i distrikta, sjølv om dei har lett tilgang på natur med jakt, fiske og friluftsliv, sjølv om det er mindre kriminalitet, narkotika, tiggarar, trafikk, forureining og støy, så er ikkje det nok.

Folk vil bu i byar. Nei, ikkje alle.

Derfor kjem ulike ordningar for å gjere livet i norske bygder meir lokkande, og til det brukar ein pengar frå felleskassa. Småbarnsforeldre får billegare barnehage og SFO, sjukepleiarar får høgre løn, bedriftseigarar får lågare arbeidsgjevaravgift, kommunen får distriktstilskott – og alle som har pådrege seg gjeld i Statens lånekasse, får altså nedskriving av lån.

Men korleis fordele desse goda? Jo, det er her sentralitetssonene eller sentralitetsindeksen kjem inn. «Sentralitet er ein indeks med verdi for kvar enkelt kommune», skriv Statistisk sentralbyrå på sine nettsider.

Kommunar frå 0 til 1000

Frå og med 2018 vart det innført ein ny standard for sentralitet, der landet var delt inn i 13.500 grunnkretsar. Og så måler ein faktisk reisetid med bil til arbeidsplassar og viktige servicefunksjonar. Så vert kretsane slått saman i høve til kva kommune dei ligg i, og vekta mot folketal. Ut frå dette kan ein rangere kommunane.

Ein kommune som ikkje har noko å by på, kan i teorien få sentralitetsverdi på 0. Mens Oslo, der alt finst, har ein sentralitetsverdi på 1000.

På dette viset er Noregs kommunar delte inn i seks soner. I sentralitetssone 1, med verdiar frå 925 til 1000, finn vi Oslo, sjølvsagt, her finn vi Bærum, Lillestrøm, Lørenskog og noko overraskande Rælingen i Akershus. Ikkje Asker, for den kommunen rykka ned i sentralitetssone 2 (870-924) etter samanslåinga med Hurum og Røyken. Her ligg også Stavanger, Bergen, Trondheim, Drammen, Hamar og Sarpsborg, for å nemne nokre av dei til saman 21 kommunane. Tromsø ligg ikkje her, heller ikkje Bodø, for dei er i sentralitetssone 3.

Og slik fortset det nedover til sentralitetssone 5 (565-669) med til saman 104 kommunar.

Nedst ligg sentralitetssone 6 (0-564). I siste kategori er det fleire kommunar i Nord-Norge, men òg kommunar i til dømes Innlandet, Agder, Telemark og Vestland. Til saman er det 108 kommunar i denne kategorien. Og så skal det leggjast til at 25 kommunar i Finnmark og Nord-Troms har si eiga sone, ei innsatssone. Dei har særskilte ordningar. Her kan ein til dømes slette 60.000 kroner av studielånet i året.

I valkampen lova Arbeiderpartiet at alle som budde i kommunar tilhøyrande sone 5 og 6, skulle få nedskriving av studielån. Men på grunn av «omstende som var uheldige», for å bruke formuleringa til statsminister Jonas Gahr Støre, var kommunane i sentralitetssone 5 strokne i framlegget til statsbudsjett.

No er uretten gjord opp. Det er berre å ringje flyttebil.

Her kan du sjå kva sone din kommune ligg i.