Kommentar

Fortida speglar notida

Vår tids terroristar har likskapar med dei valdelege anarkistane som kasta bomber i vestlege byar på slutten av 1800-talet, skriv Torbjørn L. Knutsen.

Oslo 20220625. Slik ser det ut etter det i natt ble avfyrt flere skudd i 1.15-tiden på utsiden av London pub i sentrum av Oslo, der flere ble skadd og to drept.Foto: Terje Pedersen / NTB
Politisperringar utanfor Per på hjørnet og London pub. To personar vart drepne og fleire skadde under åtaket i 2022.
Publisert Sist oppdatert

Zaniar Matapour vart for vel eitt år sidan dømd til 30 års fengsel og forvaring for masseskytinga i Oslo natt til 15. juni i 2022. No er Arfan Bhatti tiltalt for å ha inspirert og lagt føringar for dette åtaket. Også han risikerer 30 år bak murane.

To saker, to aktørar – men også to sider av same fenomen: den nye terrorismen. Terroren i vår tid er ikkje lenger geriljakrigarar med basar i jungelen eller fjella. Han er einsame menn i storbyar med våpen i hendene og hemn i tankane.

Frå frigjeringsrørsler til jihad

På 1900-talet var terroromgrepet knytt til kolonikrigar i Afrika og Asia. På 1970-talet vart Den afrikanske nasjonalkongressen (ANC) i Sør-Afrika, Den nasjonale frigjeringsfronten (FLN) i Algerie og Den nasjonale frigjeringsfronten (FNL) i Indokina kalla terrororganisasjonar – av kolonimaktene, vel å merke. Sjølv kalla dei seg frigjeringsrørsler og legitimerte seg med progressive verdiar som folkesuverenitet og sjølvstyre.

Då kolonivelda vart oppløyste, mista desse rørslene både drivkraft og sponsorar. Nye rørsler vart likevel skipa. Ei av dei var al-Qaida, som retta seg mot den sovjetiske imperialismen, men som etter Sovjetunionens samanbrot vende seg mot Vesten – og særleg mot USA og Israel.

Etter terroråtaket på USA den 11. september 2001 skipa president George W. Bush eit departement for nasjonal tryggleik og styrkte etterretningstenestene heime; og han erklærte «krig mot terror» ute. USAs allierte fylgde hakk i hæl.

Ei todelt verd

Slik vart verda delt: I Midtausten og Afrika fanst farlege terrororganisasjonar. Dei vart øydelagde, men kom tilbake att. Dei delte seg og fusjonerte i eit svimlande tempo og blei til Boko Haram, IS og andre valdelege rørsler.

I Vesten fanst det ikkje terrororganisasjonar att. Her tok ordensmakta i bruk så effektive former for overvaking at det vart umogleg å skipe og halde ved like slike rørsler. Dei hemmelege tenestene spora mobiltelefonar, lytta på samtalar, las SMS-ar og kartla nettverk av både islamistar og anti-islamske nasjonalistar. Og politiet fekk ei ny rolle: Dei jakta ikkje lenger på terroristar som hadde utført terrorhandlingar; no fekk dei i oppgåve å kome terroristar i forkjøpet. Arrestere dei før dei rekk å utføre terrorhandlingar.

Sosiale medium og einsame ulvar

Men sjølv om terrororganisasjonane ikkje lenger eksisterer i Vesten, vart ikkje terrorismen heilt borte. Han kjem ikkje lenger frå organisasjonar, men frå enkeltpersonar som har gått under overvakingspolitiets radar. Desse personane er ikkje med i noka formelt organisert gruppe, men tilhøyrer virtuelle samfunn. Dei har ikkje vore motiverte av nokon progressiv politisk ideologi, men dei har vore oppøste av agg, hat og digitale hemntankar.

Mange av desse tankane kjem frå dei valdelege organisasjonane som eksisterer utanfor Vesten.

Ein høyrer ofte at terroristane i dag er einsame ulvar. Men då er det verdt å minnast at ulvar er flokkdyr. Også når dei går åleine. Dei har ingen progressiv politisk bodskap å tilby allmenta; dei er knytte opp mot flokken sin. Med valdshandlinga si uttrykkjer dei flokkens agg – eller flokkens ressentiment, som Friedrich Nietzsche ville ha uttrykt det. Valdshandlinga gir dei i sin tur anerkjenning frå flokken.

Terrorisme og sofisme

Vår tids terroristar har likskapar med dei valdelege anarkistane som kasta bomber i vestlege byar på slutten av 1800-talet – i terrorismens fyrste fase.

Anarkisten Émile Henry kasta ei bombe inn i kafé Terminus i Paris i 1894.

Rettssaka som no går føre seg i Oslo tingrett, kan minne om saka mot Émile Henry, ein ung mann som – i solidaritet med avrettinga av Ravachol og andre valdelege anarkistar – kasta ei bombe inn i kafé Terminus i Paris i 1894. Forsvararen hans, stjerneadvokaten Fernand Labori, fornekta ikkje Henrys skuld, men hevda at handlinga hans var eit utslag av «sofisme». Ho var til sjuande og sist ikkje ei politisk handling, men eit utslag av frustrasjon. Og ho tok ei valdeleg retning fordi Henry las altfor mange anarkistiske pamflettar. Dei hadde korrumpert han og lulla han inn i ei fantasiverd. Dei hadde gjort han til «sofist». Han skulda samfunnet for at han ikkje kom nokon veg i verda, og ville hemne seg.

Ringen er slutta

Er vi komne hit att, no? Er ringen slutta, etter kolonivelda og etter den kalde krigen? Er vi tilbake i ei tid der ansvaret for meiningslause drap på uskuldige menneske kan tilleggjast ressentiment eller psykisk sjukdom? Der frustrasjon får retning og legitimering av sofisme?

Det er påfallande likskapar mellom saka mot Émile Henry i 1894 og saka mot Zaniar Matapour i 2022. Begge var djupt misnøgde med storsamfunnet og drap uskuldige gjestar på restaurant.

Men det er viktige skilnader òg. Émile Henry var driven av sekulære og progressive idear. Matapour vart driven av gammaltestamentlege flokkførestillingar om gjengjelding, hemn og «auge for auge og tann for tann».

Terrorismen i dag

Arfan Bhatti er ikkje skulda for direkte drap, men for å ha lagt føringar for drapshandlinga til Matapour. Aktor treng ikkje prova at Bhatti har erklært truskap til Taliban. Bhatti tilstod dette allereie på rettssakas fyrste dag. Ein slik truskapseid er ikkje prov på skuld. Men kan det vere eit symptom på sofisme? Legg forsvararane opp til at Bhatti, liksom Henry, vart forført av sofismen til ein særskild valdeleg flokk?

Oslo 20250903. Arfan Bhatti i rettssal 250 i Oslo tingrett onsdag.Arfan Bhatti er tiltalt for medvirkning til terror etter skyteangrepet i Oslo sentrum 25. juni 2022.Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
Arfan Bhatti er tiltat for medverknad til terror etter åtaket i Oslo. Her er han i Oslo tilgrett.

I 1894 peikte Labori på Henry som sat i tiltaleboksen og fastslo retorisk: Dette er ikkje andletet til ein «naturleg forbrytar»! I den pågåande rettssaka i Oslo har forsvaret presentert Bhatti som ein pent barbert mann, og slett ikkje som nokon fanatisk islamist. Det er aktors oppgåve å rive ned dette biletet og prove at mannen i tiltaleboksen i røynda var hjernen bak terrorhandlinga til Matapour mot skeive i juni for tre år sidan. At Bhatti var stemma frå flokken som lokka og egga ein einsam ulv til å drepe uskuldige menneske. 

Det kan bli ei vanskeleg oppgåve. Terrorismen endrar andlet over tid. Det gjer straffelova òg, men ho ligg ofte på etterskot. Det kan verte vanskeleg for aktor å prove terrorhandlingar av i dag ut frå ei straffelov som vart skriven i går.

 

Torbjørn L. Knutsen er professor i statsvitskap ved NTNU og fast skribent i Dag og Tid. Boka hans, Terrorismens vekst og fall, kom ut i fjor haust.