Leiar
Dei fordømde karikaturane
Det er 20 år sidan Muhammed-teikningane og den påfølgjande karikaturstriden. Striden oppstod etter at Jyllands-Posten den 30. september 2005 publiserte tolv karikaturteikningar av profeten Muhammed.
Resultatet vart katastrofalt. Det kom store oppstandar verda over, og ei rekkje personar skulle få livet sitt endevendt. Det var som eit skrømt frå 1980-talet då Salman Rushdie fekk drapstrusselen hengande over seg etter ein fatwa frå ayatolla Khomeini. William Nygaard, forleggjaren til Rushdie, vart nesten drepen.
I 2005 skulle det gå verst ut over den danske teiknaren Kurt Westergaard. Teikninga hans skulle prega resten av livet hans, med politivakt og fleire drapsforsøk. Her heime var det Vebjørn Selbekk som fekk unngjelda, etter at han som redaktør i Magazinet trykte ein faksimile av dei danske teikningane.
Saman med Rushdie-saka og terroren mot Charlie Hebdo har karikaturteikningane vorte symbol på trugselen mot ytringsfridomen frå ekstreme islamistar. Heile denne soga er solid og særs interessant skildra av Odd Isungset i boka Dei fordømte karikaturane. Boka må kjøpast inn av alle norske bibliotek.
Den ekstreme islamismen skal ikkje få øydeleggja den europeiske fridomen, som nettopp er gjort mogeleg fordi vi alle har rett til å ytra oss fritt. Det gjeld sjølvsagt visse avgrensingar, som mot rasistiske ytringar, men ikkje mot religionskritikk og retten til å karikera religionar. Kvar hadde Europa vore i dag utan kristendomskritikken?
Likevel må vi vedgå at ekstremistane har fått gjennomslag. Dei ekstreme reaksjonane frå valdeleg islamistisk hald gjer at media i dag, inkludert Dag og Tid, ikkje trykkjer karikaturar av Muhammed. Det er rett og slett for farleg. Det er ei konkret vurdering for å unngå vald.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.