Politikk

Tru, von og veggedyr

HATVANPUSZTA/BUDAPEST: For første gongen sidan 2010 leier den ungarske opposisjonen stort over Viktor Orbán på meiningsmålingane. Er det framleis mogleg å snu utviklinga i det mest korrupte landet i EU?

Opposisjonspolitikar Ákos Hadházy talar til demonstrantar framfor Hatvanpuszta, godset som tilhøyrer familien til statsminister Viktor Orbán. Kritikarar meiner den aristokratiske herregarden har kome i deira eige gjennom korrupsjon.
Publisert Sist oppdatert

Eg er komen til det internasjonale medium kallar Aust-Europas Versailles. Sør for Budapest, på dei endelause flatmarkene ungararane kallar for pusztaen, ligg herregardane etter den gamle ungarske adelen spreidd mellom bognande vinranker. Ein av dei heiter Hatvanpuszta. Namnet kling kjent for mange historieinteresserte ungararar – godset blei i si tid bygt av ein visekonge frå habsburgardynastiet. I dag har landet fått nye herskarar: Mannen som no formelt eig palasskomplekset, heiter Gyözö Orbán og er far til statsministeren i landet, Viktor Orbán.

Hit er eg komen i bussen med ei mengd skodelystne ungararar. Hatvanpuszta er nemleg blitt eit av dei største symbola på det mange meiner er gale med landet – korrupsjonen. Ungarn er det mest korrupte landet i EU, syner tal frå Transparency International. Det har det vore i tre år på rad.

Mønsterstaten

Eigentleg var Ungarn lenge eit førebilete for dei andre landa som hadde lege bak jarnteppet, også når det gjaldt openheit og korrupsjon. Kommuniststyret var mildare her enn i nabolanda i aust og nord, og den 23. oktober 1989, to veker før muren fall i Berlin, hadde den ungarske opposisjonen blitt samd med makthavarane om ei ny demokratisk grunnlov.

På 1990-talet vaks økonomien. Internasjonale observatørar lovpriste demokratiutviklinga og det mangfaldige mediebiletet. Alt var rett nok ikkje rosenraudt: Etter valet i 2005 lak nokon eit opptak av den sosialdemokratiske statsministeren der han innrømte å ha loge om den ungarske økonomien. Då finanskrisa kom tre år seinare, stod landet på randa av konkurs.

Det hjelpte Viktor Órban til makta i 2010. Fleirtalet han fekk i parlamentet, var stort nok til å endre grunnlova, og den nye regjeringa byrja straks å endre vallova. Valdistrikta blei teikna om, slik at urbane, venstrevridde veljarar fekk mindre utteljing for røystene. Samstundes gjorde regjeringa det enklare å skipe nye parti: Konsekvensen var at det blei endå vanskelegare å samle opposisjonen. I 2018 stilte meir enn 250 parti til val. Mange av dei hadde namn som til forveksling likna på opposisjonspartia, slik at det var lett for veljarar å blande dei.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement