Val

Moskvas lange arm til Moldova

Løgn, bestikking, bankran: Kva Russland er villig til å gjere for å tvinge eit europeisk land over på si side, ser vi i den vesle republikken Moldova. Der skal det haldast eit lagnadsval i slutten av september. 

Handlings- og solidaritetspartiet (PAS) driv valkamp i Chisinau. 28. september er det parlamentsval i Moldova.
Publisert Sist oppdatert

Får du ikkje lese heile artikkelen? Du må ha komplett eller digitalt abonnement for å få tilgang. Gå til dagogtid.no/EndreTinging.


Lidia Chirova har klare framtidsvisjonar. Ho er 25 år og trur heimlandet vil bli ein bra stad i EU å oppfostre barnet sitt på. Snart vil ho ha eit trygt og fredeleg liv «i eit ekte demokrati». 

Men først må notida taklast. Chirova lagar videoar til den uavhengige informasjonsplattforma Tuk. Videoane handlar om Moldova, krigen i nabolandet Ukraina og Russlands maktsjuke.

Dette har ført til at ho blir skjelt ut på nettet, og dersom nokon dreg kjensel på henne eller kollegaene på gata, er det somme som ropar «løgnar» etter dei. 

Og det er stadig dronar som eksploderer på åkrane i området etter å ha kome på avvegar under russiske åtak i Ukraina. Då vel somme å oversjå det, medan andre seier: «Noko slikt ville Putin aldri ha gjort.»

Komplekst lite land

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement