Bokkommentar
Dei ulydige var heltane
Sigrid Undset stilte seg i spissen for å redde jødar, men hennar eigen biskop forbaud katolikkane å drive motstandsarbeid. Først åtti år etter krigen kjem sanninga fram.
Sigrid Undset er uforsonleg og hard i sine utfall mot nazistane. Heilt til freden kom, håpa ho at jødane kunne reddast.
Foto: Bjerkebæk / Digitalt museum
Alt 9. april 1940 må ho ha visst det. Livet kom heretter til å bli flukt og kamp på ein annan måte. Som verdskjent diktar og leiar av Forfatterforeningen hadde Sigrid Undset i mange år brukt posisjonen sin til å angripe Hitler og nazismen. Bøkene hennar var sidan 1933 svartelista i Tyskland.
Da tyskarane rulla inn i landet, vart det også forbode å nemne Sigrid Undset ved namn. Ti dagar etter invasjonen pakka Undset ein koffert i hui og hast. Tyskarane nærma seg Lillehammer, ho måtte kome seg vekk. Fem år skulle gå før ho var tilbake på sitt kjære Bjerkebæk.
Lite visste Undset om sviket som tok form i hennar åndelege haldepunkt i livet, det norske katolske miljøet, og at namnet hennar vart sletta av katolske frendar. Refs venta dei som følgde hennar eksempel og hjelpte jødar, kjem det fram i den ferske boka Kirken og okkupanten. Den katolske kirke i Norge og andre verdenskrig, redigert av Else-Britt Nilsen og Knut W. Ruyter(St. Olav forlag). Rekkevidda av dette sviket, som til sist kom til å ramme Undset rett i hjartet, er det først no vi får kjennskap til. Meir om dette snart.
Den såraste grunn
Da krigen kom hit, hadde Undset i fleire år stått på barrikadane i kampen mot fascisme og nazisme. I nordiske forum og på forfattarmøte argumenterte ho som den intellektuelle kjempa ho var, mot Hitler og Hamsun, for pasifisten Ossietzky – og ho støtta eldstesonen heilhjarta i å starte våpentrening. Hennar personlege grunn til å kjenne seg sårbar var den funksjonshemma dottera Maren Charlotte, som knapt hadde språk og ikkje kunne klare seg utan hjelp. Det verkar fælt når Sigrid Undset gir uttrykk for ein lette da den tjuetre år gamle dottera nokså plutseleg døyr i januar 1939, det er eit uhyggeleg klarsyn over brevet ho skriv til forfattarvennen Jarl Hemmer.
Ho seier rett fram at ho «er glad for det på en måte», ho visste jo kva som kunne vere i vente for Mosse: «Ingenting i verden har jeg vært mer redd for end at hun skulle overleve mig, og dessuten – slik som verden er nu, og der er visst lite håb om at den skal bli bedre i vår tid, så er den ikke noe godt sted for et helt hjelpeløst menneske.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.