Musikk
Ynde og atterhald
Ruby Hughes syng ariane til Giulia Frasi, Händels siste stjernesopran i London.

Det galdt andre krav til komponistane i barokken enn på 1800- og 1900-talet, særleg innan vokalmusikken: Om ikkje komponisten skreiv på ein måte som var behageleg å synga på, blei det sett på som dårleg komponisthandverk. Barokkmusikken er difor ofte skriven med tanke på éin særskild utøvar, noko som særleg gjeld opera- og oratoriemusikken. Oppgåva til komponisten var her å laga musikk som eigna seg til å få fram dei særskilde evnene og kvalitetane til den aktuelle songsolisten.
Frasi frå Milano
Med utganspunkt i dette har det engelske Orchestra of the Age of Enlightenment, som blir leia av den dyktige cembalisten Laurence Cummings, teke føre seg ein av dei viktigaste stjernesolistane i London på midten av 1700-talet: Giulia Frasi frå Milano, som kom til London i 1742 og blei ein av Georg Friedrich Händels (1685–1759) leiande sopransolistar. Faktisk skreiv han alle sopranhovudrollene i dei siste oratoria sine spesielt med henne for auga (eller øyra, rettare sagt). Fleire av dei viktigaste og oftast framførte oratoria hans, som Susanna (1749), Theodora (1750) og Jephta (1752), ville difor ha låte annleis om ikkje det ikkje var for den i dag temmeleg ukjende Frasi.
Det er mellom anna utdrag frå desse tre Händel-oratoria me får på plata, der den walisiske sopranen Ruby Hughes syng parten som var tiltenkt Frasi. Albumet er eit interessant prosjekt, for korleis klang eigentleg denne songstjerna frå Milano på scena?
Søtleg ynde
Til dette spørsmålet har me to kjelder: for det fyrste musikken til Händel, som altså var komponert på ein måte som reflekterte Frasis spesielle songteknikk og dramatiske uttrykkskapasitet. For det andre har me litterære røyster frå samtida, til dømes musikkhistorikaren med doktorgrad frå Oxford, Charles Burney (1726–1814), som mintest henne slik: «Giulia Frasi var ung og interessant som person, med søt og klår røyst og ein dydig songstil. Sjølv om framføringa hennar var kald og utan lidenskap, var ho hugnadsfull for øyro, noko som gjorde at ho ikkje blei offer for åtaka til musikkritikarane.»
Det er rart med det, men mykje av dei same karakteristikkane høver til sopranen Ruby Hughes på denne plata: Det er ein ungdommeleg, søtleg ynde ved den runde sopranrøysta hennar, ein klåre som gjer henne lett å lika. Samstundes merkar me eit emosjonelt atterhald i det dramatiske uttrykket, ein sjenanse som syner seg i dei rolege, lidenskaplege ariane, der ho med fordel kunne ha late hjarteblodet strøyma friare.