Innsida

Viktig melding

Publisert Sist oppdatert

Engelen Gabriel kom til meg sist natt. Det var eit spesielt lys rundt han (som nesten gav meg litt julestemning), og eg skjønte straks kven han var. Og eg kan sitere nøyaktig kva han sa: «No må du vakne, innsidemann, for sommarferien i Dag og Tid er over, og du har ei innside å skrive!» Og eg innsåg at han hadde rett. Så eg tok eit splitthopp ut av senga, til kona mi sin store skrekk, sette på kaffien og begynte å granske hjernen etter idear.

Jubileum

Det er alltid eit eller anna jubileum å feire, og det kan stundom verke som det eine jubileet slår det andre i hel. I år er det 60 år sidan eg blei uteksaminert frå søndagsskulen. Eg hadde då alt pådratt meg eit ganske langt skjegg, og medstudentane mine såg på meg som ein viktig mentor, ein det var all grunn til å sjå opp til, og som kunne pense dei inn på rett spor i livet. Noko dei også har gitt uttrykk for heilt fram til i dag (iallfall til i går).

Jubileum 2

Det er no tre veker sidan sist eg blei biten av ein hund. Men sidan eg har tatt denne all round-vaksinen, som inkluderer stivkrampe, polio og difteri, brydde eg meg ikkje meir med saka. Men eg gav bikkja ei åtvaring (blant anna om at eg kjenner folk i høge posisjonar).

Eg har aldri blitt biten av nokon ape, og det veit eg ikkje om den franske komponisten Erik Satie heller hadde vore utsett for. Men iallfall skreiv han i si tid denne reklameteksten: «Å bli biten av ein ape er ikkje så hyggeleg som å ta ein tur til Rue Emile-Raspail nr. 60, til ‘L’Ami Jacob’, der dansekurset ‘La Marguerite’ finn stad.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement