Lita skrift
Viking
«Garden blei senka for tidleg, brått låg me på halv åtte i laussnøen. Klokka fire om natta.»
Berre understellet har bakkekontakt.
Foto: Privat
«Fordelen med firehjulstrekk er at man kan kjøre seg fast på helt utilgjengelige steder», lyder ei av Gudmund Hernes’ Lover for det moderne mennesket.
I fyrste omgang var fordelen at me omsider kunne vinkast forbi flåten av kjettinglause lastebilar som ikkje kom seg opp bakkane nord for Rena, og i sikksakk passerte me tungtransporten sørover som hadde hamna i grøftene på veg ned – i «Kaoset på riksveg 3» (Østlendingen).
Med piggar på fire drivande hjul kom me trygt både opp og ned på våt klink-is. Flaks dessutan at me hadde fylt opp dieseltanken i Rena, for det tok det meste av natta å rista av seg trailerane og dei siste piggfrie elbilane. He-he, MDG!
Frå Atna til Enden gjekk turen som på skjener, i frost og åleine på vegen. Då me svinga av fylkesveg 27 Rondanevegen nær Sohlbergplassen og vassa vidare oppover lia i puddersnø på privat grusveg, la eg inn låggiret og låste den fyrste differensialen. No var det berre eit par kilometer att til hytta.
Garden blei senka for tidleg, brått låg me på halv åtte i laussnøen. Klokka fire om natta. Traktoren som brøytte her sist, hadde brukt ein plog som var breiare enn grusvegen.
Eg låste bakakseldiffen så alle piggdekka sveiv i tynn luft, berre understellet hadde bakkekontakt. Etter ein time med vonlaus måking stod me like fast, og det var tid for å vedgå nederlaget – og ringa etter bilberging.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.