Sport før og no
Vibeke og sauen
Hjartestartaren som heng i idrettsanlegga, kan snakke til deg.
Foto: Lise Åserud / NTB
Vibeke gjekk tur på heia. Framfor henne låg ein livlaus sau. Dyreglad som Vibeke er, sette ho i gang hjarte‑ og lungeredning. Ho dunka på sauen og blåste han i fjeset. Sjølv om Vibeke aldri har hatt noko opplæring i hjarte- og lungeredning på dyr, køyrde ho på.
Korleis ein skal gjere hjartekompresjonar og innblåsingar, er ikkje alltid lett å vite – verken på sauer eller på menneske. Livredningsinstruktørar kan òg vere strenge. På siste kurset var det faktisk ein fotballtrenar som blei gjord narr av fordi han sat skrevs over dokka då han skulle komprimere. Historisk har livredningsinstruksane endra seg. Det er difor ikkje rart at folk lurer på korleis og kor mange gonger ein skal trykke.
Holger Nielsens metode frå 1932 skil seg ut. Den gongen skulle den livlause liggje på magen med hovudet på hendene. Hjelparen skulle så skyve skulderblada ned i golvet før armane blei lyfte over hovudet og deretter trekte nedover. Ikkje lite innvikla.
Gjennombrotet kom på 1950‑talet. Ein genial anestilege i USA fann ut at det ideelle var å kombinere munn‑til‑munn-metoden med hjartekompresjonar. Det nøyaktige talet på kor mange kompresjonar og innlåsingar ein skal gi, har sidan variert noko. Forutan å ringe 113 lærer vi no å starte med 30 kompresjonar for så å gi 2 innblåsingar. Dette skal ein halde fram med til ein får liv, eller til anna hjelp kjem.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.