Frå arkivet: Frå hand til munn
Vatn og brød
Kor lite pengar er det eigentleg muleg å bruke?
Kjempers føde: mjøl, bønner og tunfisk.
Foto: Agnes Ravatn
Saldo: Sparebøsse: 297
+ Pant: 39
+ Flaxlodd: 575
– Daglegvarer: 286
= 625 kroner
Eit av favorittprogramma mine på fjernsyn er TV3-produksjonen «Luksusfellen». Her får utsvevande rotekoppar som har hamna i pengetrøbbel myndig bistand av to strenge økonomar. Det dei som er med i programmet, har til felles, er ei blanding av forblinda og irrasjonelt forbruk og fornekting av sin eigen økonomiske situasjon. Dei har milliongjeld, eit utal forbrukslån, fleire verdshav av uopna inkassokrav og vanvitige kjøp på samvitet. Ein mann i fjorårets sesong hadde kjøpt porselen med nissedekor for titusenvis av kroner, til dømes, ein annan tulling hadde kjøpt 42 bilar på eit par år. Ofte blir deltakarane tvinga til å selje bil og leilegheit og det dei elles måtte ha av verdi for ikkje å gå dukken.
Den flottaste scena frå «Luksusfellen» eg har sett til no, var eit litt tufsete ektepar i Rogaland. Økonomane prøvde å få dei til å innsjå at dei var nøydde til å selje noko av det dei eigde for å klare seg, mellom anna hadde dei ein båt og ein fin båtplass som dei aldri brukte.
– Noko må de vel ha som de kan selje, kva som helst, sa dei til ekteparet.
– Nei, eg veit ikkje kva det kunne vore..., sa kona lågt.
Då gløtta mannen hennar bort på henne, på ein fortvila måte. Ho møtte blikket hans.
– Me har jo..., begynte mannen.
– Nei! braut kona hans av.
– Kva? Kva har de? spurde økonomane, sei det!
– Nei..., hiksta kona.
– Me har ein papegøye i garasjen, kviskra mannen sakte og nesten uhøyrleg.
Vel vel, denne innleiinga er ikkje heilt tilfeldig, for eg har nemleg sjølv gått ein smule i luksusfella. Som den glade sosialdemokrat eg er, kan forbipasserande ofte høyre meg bryte ut, akkompagnert av ein klukkande latter: «Eg betaler min skatt med glede!» Men no viser det seg derimot at eg slett ikkje har betalt min skatt, og iallfall ikkje med glede. Mine såkalla næringsinntekter brukte eg fortløpande i heile 2009, utan å halde av så mykje som eit øre til skatten. Å ta sorgene på forskot har aldri vore min stil. Eit visst talent for fortrenging og ei lettsindig tilnærming til økonomi resulterte til slutt i ein smell på 167.000, fekk eg beskjed om no i april.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.