Kunngjeringar

Vaskekjellar

Publisert Sist oppdatert

Familien til Sverre har ein vaskekjellar som ligg under jorda, det er ikkje ein heil etasje, berre eit rom i ein kjellar. Det er lågt under taket og kaldt. For å komma dit må ein enten gå ned ei bratt trapp på kortsida av huset, eller inn hovuddøra på framsida, gjennom gangen og ned ei endå brattare trapp frå fyrste etasje, fortsetja til høgre og rett fram til endes. Då er du der. Nokon seier vaskerom, men det er ikkje Sverre van med.

I fjor blei vaskekjellaren oppgradert med ledlys. No må dei mest bruke solbriller. Det gamle lysrøyret som blenkte så lenge før det tende, hadde gjort sitt.

På golvet står nokre baljar og ei stor korg med klede, eit par musefeller, ein inntørka klump med ost. Bitte små slalåmski og snowboardet Sverre kjøpte spontant, vitnar om at det er ei tid for alt. Tørketrommelen står enno og tek opp plass, sjølv om motoren gjekk varm i fjor og tok kvelden. Ikkje fullt så tung som vaskemaskinen, men uhamsleg og tung nok. Sverre klarer ikkje bera han ut og opp trappa åleine.

Det går ei stund før han dreg kjensel på lyden, men så byrjar det å demra, det er berre vaskemaskinen som sentrifugerer med fjorten hundre omdreiingar i minuttet, i vaskekjellaren rett under føtene til Sverre. Etter lyden å døma er det rett før han lettar og smell i taket.

Det er ikkje mange som kjenner systemet i kvar vaskekjellar fullt ut, ofte berre éin, og denne personen har som regel utpeikt seg sjølv til å gjera arbeidet sitt i vaskekjellaren. Kven som helst kan ikkje vri på knappane og setja på ein maskin med klede. Då går det fort gale. Klede krympar og blir vaska saman med andre klede dei aldri skulle vore vaska saman med. Sverre held seg unna. Men den gongen avløpet gjekk tett, var det han som tok ansvar og ringde ein kar i Hovsherad som hadde utstyr til å spyla med. Kjellaren lukta skit i mange dagar etterpå.

Ingen får med seg at Sverre forsvinn ned i vaskekjellaren, snart byrjar dei vel å uroa seg. Det er som om ei stemme ropar namnet hans frå fyrste etasje. Men det har inga hensikt å svara og tru at nokon der oppe høyrer kva han seier.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement