Mat

Tryllefløyte

Pasta med bacon, erter – og ein halvliter tryllefløyte, som ser ut til å ha trylla seg inn i maten.
Publisert Sist oppdatert

Eg hugsar godt dei første opplevingane mine av fløyte. Eg var vel fylt seks år, og på den tida (i steinalderen, altså dei glade sekstiåra) kom mjølka i lubne, mørkebrune glasflasker. Med ein lett og tynn aluminiumskork. Under korkane samla det seg fløyte, for mjølka var ikkje så homogenisert og feittfri som ho gjerne er no til dags.

Denne fløyten kunne me ungane slikke av, og deretter pla vi knipse korkane, som små glinsande flygande tallerkar, av garde gjennom lufta. Det var eit eventyr. Sei det til ungane i dag, og dei ser rart på deg! Sjølvsagt. I dag fer jo ungane rundt med ein blenkjande datamaskin i lomma, og vert nok ikkje synderleg imponerte av ein flygande mjølkekork. Me gamle gubbar får leve på minna.

Mjølkeprodukt kom ikkje i kartongar før mykje seinare, eg vil tru på slutten av sekstitalet. Eg hugsar det som eit tilbakesteg, eigentleg – eg trur at denne fascinasjonen for flygande sylvkorkar fekk meg til å elske fløyte heile livet. Til kaffien i gravølet mitt skal det sjølvsagt serverast ekte fløyte, det må eg snarast hugse å skrive inn i testamentet.

Har du fløyte i huset, kan du heve smaken i ei heil rad matrettar. For ikkje å snakke om at du kan lage irsk kaffi, som inneheld alle dei fire viktigaste næringsstoffa: sukker, fløyte, koffein og alkohol. Eg pleier å gjere som baskarane i Pamplona lærte meg ein gong: Eg brukar ekte brunt sukker, som skal rørast ut med whisky som er varma til 30 gradar. Så heller eg på ein god og sterk svart kaffi. Til slutt tømmer eg fløyte i ei lang, bøygd teskei, så fløyten strøymer ut på overflata og dannar eit lok på om lag éin centimeter. Rist godt på boksen eit halvt minutt i forkant, så fløyten vert tjukkare. Kremfløyte på sprayboks er ikkje lov, heller ikkje sugerøyr. Litt respekt får me vise det stolte irske folket.

Den britiske kjøkengudinna Nigella Lawson kom i hardt vêr då ho i ei oppskrift brukte fløyte i pasta carbonara. Det vart eit svare leven, og det vanka arge e-postar frå alle italienarar i vekevis. Eg trur faktisk dette var grunnen til at det britiske kongedømet melde seg ut av EU.

Men er det no så gale med ein skvett fløyte i carbonaraen? Nei då, men då er han ikkje autentisk. Same det, seier no eg. Eg lagar ofte ein juksecarbonara, og då brukar eg ikkje ein liten skvett, men ein halv liter. Eg kokar 300 gram spagetti til tre personar. Steik bacon i små bitar, slå fløyten i panna og lat det tjukne eit bel. Ha oppi ein velvaksen dose riven parmesan og til slutt nokre fine grøne erter som har fått eit oppkok. Pepre godt med skikkeleg svart pepar frå kvern. Salt treng du ikkje, det er meir enn nok med saltet som kjem frå bacon og parmesan, og pastavatnet er jo òg salta. Så pass på.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement