Kunngjeringar
Truskap til laget
Teikning: May Linn Clement
Eit par mann står heilt umarkerte, men ballen blir slått altfor høgt og går over alle, det blir utspel frå mål. Keeperen får gult kort for å dryge tida, og ingen fylgjer med og går i duellen når det lange utsparket omsider kjem. Mykje kunne sett annleis ut om dei berre hadde scora på den corneren.
Resten av kampen får dei omtrent ikkje tak i ballen, det blir ikkje fleire sjansar. Mange i publikum går før det er slutt, men Klaus held ut og står og frys i den sure vinden; piner seg sjølv endå ein gong mens verda rasar saman rett framfor auga hans. Det hjelper ingenting å kjefta på dommaren heller, eller å ropa at dei må takla hardare og komma seg opp med laget.
Det er meiningslaust, tungt og vanskeleg, men heldigvis er sesongen over. Folk går kvar til sitt. Klaus seier nokre stygge gloser halvvegs inni seg, og sparkar hardt i ein søppeldunk på veg mot bilen. Han høyrer folk som er usikre på om dei orkar fleire sesongar. Denne har vore ekstra tung, ikkje berre dummar laget seg ut, men så kjem alt det andre maset i tillegg, om kor bra det er for norsk fotball at eit anna lag vinn serien. Mas frå folk som ikkje har greie på fotball, som ikkje har hjarta sitt i ein klubb, men synest det er moro med alle som er så glade, og når det er god stemning. Det einaste som er sikkert, er at ingen av desse folka kjem til å vera der den dagen det buttar imot. Dei bryr seg ikkje, og har aldri gjort det.
Mogleg at det er same folka som reiser til England på fotballtur, for Premier League er verdas beste liga, det er berre i England dei kan spela fotball, seier dei. Der er det alltid mykje folk og god stemning. Norsk fotball er ingenting. Men i år, då eit anna lag vann serien, hengde dei seg på og blei med på festen. Ikkje berre dei, sjølvsagt, men òg trufaste supporterar, som har venta ein menneskealder og støtta laget sitt uansett og aldri gitt opp. No fekk dei løn. Men for Klaus er det berre irriterande, og han må halda seg borte frå enkelte vener som har ein tendens til å bli vel høge på pæra, og han sjekkar ikkje sportsnyheitene og Facebook før det har gått mange veker.
Kanskje er du òg ein av dei som heiar på eit dritlag som aldri vinn noko, og truleg aldri kjem til å vinna noko heller. Då veit du at livet er fullt av prøvelsar som gjer eit forsøk på å knekkja eit stakkars menneske. Men Klaus lèt seg ikkje knekkja, for truskap til laget kjem frå ei utømmeleg kjelde som ikkje bryr seg om at dei kavar i botnen eller rett rundt midten av tabellen, eller at kvar gong det er glimt av håp om å komma seg litt opp, er det som om alt kollapsar, med feilpasningar og dårleg bevegelse. Han støttar laget uansett.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.