Lita skrift

Til sengs!

Usbekisk familieplanlegging, her illustrert ved nederlandsk renessanse.
Publisert Sist oppdatert

«Ætt skal fylgja ætt på rad», heiter det i salmen. Eg veit ikkje kor mange nynorske salmebøker som er i omløp i Sentral-Asia, men eg er rimeleg sikker på at dei har fått med seg bodskapen der nede: Medan Noreg har ein fødselsrate på 1,4 barn per kvinne, føder usbekarane 3,5. Familien kjem først.

Her er det ætta som er det sosiale tryggingsnettet, og familien tar vare på dei eldre. Medan nordmenn på min eigen alder er opptekne av sjølvrealisering, gifter usbekarar seg så fort dei er i tjueårsalderen.

Prøv å reise med ein av motsett kjønn, så skjønar du kvifor: Vi er snart 30, single og på eventyr. Her er det knapt mogleg å gå inn i ein taxi utan at sjåføren byrjar vise fram bilete av familien sin. Han spør aldri reisefølget mitt om kva ho heiter, men er svært oppteken av kor mange barn ho har. Funksjon føre form. Han blir lang i maska når han skjønar at vi korkje er gifte, kjærastar eller – verst av alt – har tenkt på å produsere eit einaste avkom. Om du er lei av å få spørsmål frå svigermor om når ho skal få sine første barnebarn, kan du berre prøve å reise på tur til Usbekistan.

Verst er det når vi sjekkar inn på hotell: I resepsjonen helsar dei oss på ei sjarmerande blanding av russisk og engelsk.

– Vi såg de hadde registrert to separate senger, seier hotellverten, men ta det med ro, eg har fiksa den fryktelege feilen.

Han blunkar.

Allereie abonnent?
Prøv Dag og Tid digitalt
49 kr fyrste månad
Deretter 199 kr/månad. Ingen binding.
Lydavis
Nettartiklar
Digital utgåve
Arkiv
Spel