Lita skrift
Tennishovmod
Zizou Bergs frå Belgia under ein tenniskamp i Shanghai 7. oktober.
Foto: Go Nakamura / Reuters / NTB
Eg lid av tennishovmod. I manualen for sjele- og sportssjukdommar vert tennishovmod skildra på følgande måte:
«Tennishovmod er kjenneteikna av ei overdriven og botnlaus tru på eigne tennisevner, ignorering av motstridande bevis og ein markert tendens til å samanlikne eigen teknikk med teknikken til spelarane i verdstoppen.»
«Sjukdommen råkar store delar av tennisspelarbefolkninga, men spesielt dei som ligg mellom nybyrjar og avansert nivå, ofte såkalla ‘klubbspelarar’. På dette nivået har spelarar blitt gode nok til å forstå kor mykje betre dei er enn nybyrjarar, men ikkje erfarne nok til å forstå den enorme avstanden mellom seg sjølv og dei profesjonelle.»
Forskarar vart først klar over kor utbreidd sjukdommen er, i 2023, etter at ei spørjeundersøking frå Research Without Barriers synte at 71 prosent av vanlege tennisspelarar trur dei kunne vunne eit game mot ein profesjonell spelar.
Sjukdommen råkar enkelte meir alvorleg enn andre. Til dømes trur 52 prosent av vanlege spelarar at serven deira er like rask som serven til proffar, medan dei sjukaste, om lag 14 prosent, meiner dei kan serve raskare enn proffane.
No som du forstår kva sjukdommen handlar om, kan eg fortelje litt meir om meg sjølv. Eg er ikkje ein av dei hardast råka. Eg har vore sjuk lenge, men har fått profesjonell hjelp og er no nesten frisk.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.