Sport før og no

Sveittegenser

«Dei kunstige stoffa er ikkje bra for miljøet og heller ikkje optimale for det sveittande mennesket.»

I 1997, då eg var 13 år, var også Russell Athletic hipt, men meir på disko enn på trening.
Publisert

Det var visstnok Benjamin Russell jr., quarterback for Alabama Crimson Tide Football, som først fekk ideen om å lage sweatshirts. Som aktiv idrettsutøvar var han lei av å sveitte i kløande ull, og derfor foreslo han for faren sin, som dreiv klesfabrikk, å lage tjukke genserar i bomull i staden. Benjamin Russell sr. likte ideen, og i 1930 starta han produksjon i selskapet som fekk namnet Russell Athletic Company.

Sweatshirten vart altså laga for å sveitte i, men er i dag meir eit kvardagsplagg – på same måte som sneakers var skapte for springing og bomberjakkene eigentleg skulle halde pilotane varme i opne cockpitar.

Når det gjeld dagens treningsmote, er det dei såkalla tekniske plagga som gjeld. Det er polyester, polyamid, elastan og liknande – både inst og ytst. Kjenneteikna er at plagga skal vere lette å ha på, puste og tørke raskt. Dei har gjerne frisk farge og eit engelsk namn, softshell til dømes.

Dei kunstige stoffa er ikkje bra for miljøet og heller ikkje optimale for det sveittande mennesket. Plagga er praktiske nok under sjølve økta, men å vaske vekk to dagar gammal sveitte frå polyester er eit strev. Ein må til med eddik og gjerne opp i 60 grader, sjølv for plagg som er merkte med 40. Er ein heldig, forsvinn lukta sånn nokolunde, men etter neste treningsøkt er det tilbake til start.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement