Sport

Stønn i støyten

Tennisstjerna Jimmy Connors skal på 1970-talet ha vore ein av dei første stønnarane.
Publisert

Når eg underviser i kulestøyt, viser eg først teknikken. Korleis ein skal hente kraft frå motsett side, svinge rundt og så støyte, ikkje kaste. For å sprite opp øvinga pleier eg å seie at elevane kan gi frå seg eit stønn idet dei støyter, som på TV, slik at dei får ut all kraft.

Ein elev spurde om det faktisk var slik at ein støytte lenger dersom ein stønna. Det fekk meg til å tenkje på eigen fødsel, då jordmora bad meg gjere det motsette, nemleg slutte å skrike, fordi eg heller burde bruke kreftene på å presse. Eg lydde, men hadde ho rett? Er det ikkje slik at ein mobiliserer meir kraft ved å lage lyd?

Til og med på stønning finst det forsking. Ein studie av tennisspelarar frå 2014 viste at fart, kraft og maksimal muskelaktivitet auka signifikant når utøvarane fekk lov til å stønne, eller grunt, som det heiter på engelsk. Eg finn også forsking som seier at stønning, særleg i kampsport, er effektivt fordi det kan distrahere motstandaren. Dette er forresten ein grunn til at nokre meiner at å stønne i sporten ikkje er ærleg spel.

I tennis har ein til dømes vore kritisk til overdriven stønning, fordi det kan maskere lyden når racketen treffer ballen, og dommaren kan gripe inn ved overdriven stønning.

Men meir enn lyden handlar det om utpusten som skjer i stønnet. Når du pustar kraftig ut, skaper du eit trykk i buken samstundes som du held fram med å puste. Dette gjer at du ikkje blir like raskt sliten som om du held pusten gjennom kraftprøva. Det forklarer også kvifor eg svima av fleire gonger under fødselen – eg skulle aldri ha halde skrika inni meg.

Allereie abonnent?
Prøv Dag og Tid digitalt
49 kr fyrste månad
Deretter 199 kr/månad. Ingen binding.
Lydavis
Nettartiklar
Digital utgåve
Arkiv
Spel