Sport før og no

Støl stølare stølast

Det er vits i å tøye, men mindre støl dagen etter trening blir du ikkje.
Publisert Sist oppdatert

Det er nok ikkje alle som hugsar det, men dei fleste som har hatt kroppsøving, har laga øktplan. Her skal ein fylle inn oppvarming, hovuddel og avslutning. Alle som forstår konseptet, avsluttar med tøying. I feltet kvifor ein tøyer, oppstår det ofte eit problem. Ja, kvifor tøyer me eigentleg?

Nokre skriv at dei tøyer for å roe ned kroppen, andre at dei gjer det for å unngå skadar og for å bli mjukare. Mens over halvparten skriv at dei tøyer for å unngå å bli støle. Dette er heller ikkje rart, for gjennom alle tider har me lært at tøying hjelper mot å bli støl dagen derpå. Eller har me eigentleg det? Lærebøkene eg har sett gjennom frå 1970- og 80-talet, skriv ikkje at tøying hjelper mot å bli støl dagen etter trening. Det dei skriv, er at mange har erfart at det hjelper, men dei veit ikkje kvifor. Ifølgje forskinga kan det sjå ut som dette er rein innbilling.

Den einaste veldokumenterte effekten av tøying er at ein blir meir rørleg, altså mjukare. Kva effekt tøying har på prestasjon og skadeførebygging, er også usikker.

Marie Moltubakk på Idrettshøgskulen har forska på langvarig effekt av tøying. Her snakkar me altså om effekten av systematisk tøying over fleire månader, og ikkje om kor støl ein kjenner seg dagen etter ei treningsøkt.

Sjølv om ein skulle tru det, blir ikkje muskelfibrane og senane lengre. Kva som skjer i musklane, er forskarane ikkje heilt sikre på, men muskelsenesystemet endrar seg i alle fall. Sannsynlegvis er det bindevevet mellom muskelfibrane som endrar seg. I tillegg får ein høgare smerteterskel og mindre motstand i musklane når ein tøyer.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement