Alt var betre før i tida, hevdar folk som gjev seg ut for å ha forstand på historia om godt og vondt i verda. Kan hende er det ikkje så merkeleg at påstanden kjem til uttrykk nett no. Utan å nemne namn, Putin og Trump, er me inne i ein periode med mykje skugge sjølv om alt lyset er på.
Ei fattig trøyst kunne vere at me ikkje er i 1816. Då, som no, var det mange som gledde seg til sommaren. Også då ville dei ha ein sommar der verda skulle vere diskré. Dessutan slik på stell at ein kunne sitje ute i det varme vêret og lese langsamt i ei bok. Slik vart det ikkje, av di sommaren slett ikkje kom det året. Eit døme på kor uvanleg kaldt det var, finn me på meteorologiske målingar frå USA. Dei viser at det var frost kvar natt i heile juni og juli i 1816.
Med Året utan sommar i mente vonar me at lesarane no gler seg til sommaren som er i kjømda. Om folk framleis trur at det heile og alt går den vegen høna sparkar, veit me ikkje anna råd enn at dei får snu høna.
Reidar M. Bringedal skriv: «Før eg denne gongen kom fram til boklækjaren sitt litt finurlege tilleggskrav til svaret, hadde eg alt vore innom på side 65 i den utgåva av boka eg hadde framføre meg, og lese noko som meir eller mindre lyfte denne boka opp frå den tenkte plassen for ’kiosklitteratur’-hylla, der eg trudde ho høyrde til, og til noko eg kunne tenkja meg å lesa. Der stod om Isaac Monfort, vaktaren av ’De Glemte Bøkers Bibliotek’ og det omfangsrike nøkkelknippet hans, som ’idet han nedkalte en ukjent vitenskap gjettet seg til hvilken han skulle ha’. Det skulle ikkje meir til for å vippa meg av pinnen og flytta blikket frå sida, for eg hadde vore innom referanseteksten på side 349 i spørsmål 1671 og visste då forfattarnamn og boktittel. Så var det tilleggsspørsmål om desse forfattarane. Og etter at Espedal og boklækjaren for litt sidan sende oss av garde på ein farleg symjetur langs den fyselege Vltava (eller Die Moldau), så ville han vel ikkje at dei kloke skulle drukna verken der eller i tilleggsspørsmålet. Eg trudde han ville plassera ein redningsmannen ved elvebarden; eg rekna med at både boklækjaren og eg var like imponerte av symjaren og dimed var det ’idet jeg nedkalte en ukjent vitenskap gjettet meg til hvilken redningsmann som sto på elvebredden’, og han sende meg rett attende til side 65, der eg nyss hadde vore, der fann eg no fylgjande to setningar frå ’passiaren’ mellom David og Isaac: ’– Det er som hentet fra Jules Verne. – Kafka nyanserte Isaac.’ Boka er Vindens skygge av Carlos Ruiz Zafón, spansk forfattar og fødd i Barcelona 1964. Boka vart omsett av Kari og Kjell Risvik.»
Gunder Runde skriv: «Finlesing av dagens sitat gav meg ingen assosiasjonar. Dermed måtte eg starte med å ty til Wikipedias side ’Litteraturåret 2001’, og saumfare lista over nye bøker. Augo mine fall då på ei av dei utanlandske bøkene som eg hadde stor glede av då ho kom på norsk, nemleg Vindens skygge av den spanske forfattaren Carlos Ruiz Zafón (1964–2020). Fødselsåret hans fell saman med Nordisk råds litteraturpris til sjølvaste Tarjei Vesaas. Vindens skygge vart utgjeven på norsk i 2004, og ifølgje Wikipedia vart ho seld i 200.000 eksemplarar her i landet, utrulege opplagstal!»
Det var utan skugge av tvil at desse klokingane kom fram til rett svar på oppgåve 1671: Signar Myrvang, Eli Winjum, Paul Henrik Hage, John Olav Johnsen, Skeisebibliotekaren i LASK, Vigdis Hegna Myrvang, Ole Husby, Ole Håndstad, Tone Styrmoe, Reidar M. Bringedal, Ole G. Evensen, Stian Nordskog, Eli Hegna, Ragnhild Eggen, Tine Dahl, Gunder Runde, Gunnar Eide, Laurits Killingbergtrø, Jorunn Øxnevad Lie, Inger Anne Hammervoll, Ingebjørg Sogge, Ingerid Skarstein, Nils Farstad, Inger Merete, Kirsti og Grete, Folke Kjelleberg, Olav Holten, Eirik Holten, Irene og Tore på Tranby, Olav B. Larsen, Arve Kjøstvedt, Magnhild Reisæter, Reidar Birkeland, Dei kvasse på Fana, John Dag Hutchison, Marta Kløve Juuhl, Torleik Stegane og Robert Øfsti. Denne veka sender me bokpremien til Trøndelag og til Robert Øfsti. Gratulerer!
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.