Sport
Skadd ungdom
Eit beinbrot på ekte gras i 2003.
Foto: Berit Keilen / NTB
Foreldre eg snakkar med, seier at ungdommane er mykje meir skadde no enn før. Det siste eg høyrde, var to gutar på same fotballag som begge var ute med tilløp til trøyttleiksbrot i ryggen – stadfesta med MR.
Den første fysioterapeuten eg snakkar med, er mest vand med slike typar skadar i handball, men verkar heller ikkje forundra. Som mange andre peikar ho på tidleg spesialisering, stor treningsmengd og hardare underlag. For sjølv om dagens kunstgras ikkje lenger liknar ei dørmatte, er det framleis hardare og har større friksjon enn ekte gras.
Håvard Moksnes, som er spesialist i idrettsfysioterapi med ph.d. og blant anna har jobba med prosjektet korsbandskadar hos barn sidan 2005, fortel at unge truleg blir meir skadde no enn før. Samstundes er dette vanskeleg å seie sikkert, sidan det ikkje finst gode tal frå tidlegare, og heller ikkje frå notida.
Internasjonale studiar viser likevel at det blir diagnostisert og behandla fleire idrettsskadar no enn før. Dei som forskar på feltet, meiner å sjå ein tendens til at barn har dei same skadane som før, men dei oppstår i yngre alder.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.