Kunngjeringar
    Sjåfør
    
    
        
        Teikning: May Linn Clement
    
        
 
                        
                        
                        
                        
                        
    
    
    Kvardagane er rolege og mange gonger ganske kjedelege, men det kjem alltid ei helg med fredag og laurdag. Så lenge Sturla får litt bensinpengar, køyrer han omtrent kven som helst. Folk kan berre stilla seg i vegkanten og venta, så går det ikkje lenge før han kjem i Ford Escorten sin.
I kveld er det fest hos Roger Svindland, og Sturla må køyra fleire turar. Det er byevêr, og folk skundar seg frå bilen og inn i huset. Sturla lurer på om Anja er på festen, men bilen må haldast varm, så han takkar nei til å vera med inn. Ho sat på med Sturla for nokre veker sidan, saman med ei venninne, i mest to timar. Sjølv om det ikkje blei sagt så mykje, verka det som dei sette pris på turen.
Når folk har vore hos Roger ei stund, er det ingen veg utanom, dei må ned til puben. Det same mønsteret gjentek seg, og tida går både seint og fort – snart skal nokon på nachspiel. Men fyrst må dei på bensinstasjonen og få seg mat.
Det er seint på laurdagskvelden og lite folk i sentrum, som berre er eit sentrum om du legg godviljen til. Sturla har heldigvis ikkje falle for freistinga å senka bilen så mykje at han må krypa over fartshumpane. Nokre av trea i parken har enno restar av julelys hengande. Heldigvis lyser dei ikkje lenger, for det såg ikkje mykje fint ut – verka mest som om nokon berre hadde kasta lysa tilfeldig opp i trea og plugga i kontakten. Skøyteleidningen er borte. Kanskje var det bruk for han ein annan stad. Og no er det snart jul igjen.
Sturla ventar i bilen. Folk kjem sjanglande ut frå bensinstasjonen med nevane fulle. Nokon veit ikkje opp ned på noko, og bryr seg ikkje om at halvparten av maten dei prøver å få i seg, hamnar i asfalten. Dei har kjøpt ei pølse til Sturla – utan å spørja. Såpass klare i toppen, altså, at dei tenkjer på sjåføren og passar på at han får i seg næring. Sturla tek imot sjølv om han ikkje er svolten, og det smakar overraskande bra, faktisk. Når han tenkjer seg om, er det ei stund sidan han har ete. Dei seier at Anja har byrja å jobba der inne.
Roger Svindland inviterer alle heim til seg på nachspiel, så Sturla må køyra folk opp dit for andre gong i kveld. Det går ikkje lenge før Roger finn gitaren og radbrekker «Tir n’a Noir» – ingen høyrer etter. Det er fullt av folk både i stova og på kjøkenet.
    
                        
    
        
                    
            
                
Digital tilgang – heilt utan binding
                Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.