Frå bridgeverda

Sirkuset

Skodespelaren Omar Sharif reiste verda rundt med bridgesirkuset sitt.
Publisert Sist oppdatert

Det er ei kjend sak at folket vil ha brød og sirkus. Bridgen har ikkje mykje brød å by på, i beste fall tørre kjeks, så truleg trengst det sirkus for å lokke massane til sporten.

Omar Sharif gjorde eit heiderleg forsøk på 70-talet, då han overtala dei italienske stjernespelarane Giorgio Belladonna, Pietro Forquet og Benito Garozzo til å slå seg saman med han og byrja å reise rundt for å spela i tevlingar og arrangere oppvisingskampar under namnet «Omar Sharif Bridge Circus».

Særleg kampen på Piccadilly hotell i London i 1970 har gått inn i bridgehistoria.

Sirkuset skulle her tevle mot Jeremy Flint og Jonathan Cansino, eit leiande britisk par på den tida. Kursen – altså pengeinnsatsen – var eitt pund per poeng, noko som ville ha tilsvara rundt 20 pund i vår tid. Sidan det ikkje er uvanleg at eitt einskilt spel genererer rundt 500 poeng den eine eller andre vegen, og dei skulle spela hundrevis av spel, er det trygt å seia at store pengar låg på bordet.

Til dømes måtte Flint i eit dramatisk spel avgjera om han trudde vest eller aust hadde kløver knekt – og det at han valde feil, kosta ein pengesum som i dag ville ha utgjort rundt ein halv million norske kroner. Men medan Sharif betala mykje av gildet av eiga lomme, og til overmål engasjerte seg i diverse ekstra veddemål på sida av kampen, var engelskmennene sponsa av kasinoet Crockfords, slik at dei slapp å risikere hus og heim.

Sharif trekte i trådar og fekk ordna det så heile seansen vart spela inn som film, og eigne assistentar sytte for sminke og høvelege klede til spelarane. Det skulle vera mørk dress, må vita. TV-selskap frå mange land var til stades. Etter nervepirrande spenning i seks dagar – den siste dagen måtte spelinga byrja klokka halv fem om morgonen om dei skulle rekke å bli ferdige i tide – vann sirkuset med 5470 poeng.

Allereie abonnent?
Prøv Dag og Tid digitalt
49 kr fyrste månad
Deretter 199 kr/månad. Ingen binding.
Lydavis
Nettartiklar
Digital utgåve
Arkiv
Spel