Innsida

Sexy nynorsk – og litt om søvn

POSTERGUT: Jon Fosse likar sikkert arkiv òg.
Publisert Sist oppdatert

I Katrine Sele si bok Menn som nesten elska meg fattar den single hovudkarakteren interesse for ein mann på ein datingapp.

Han skriv ikkje at han er interessert i maraton og vin. Lidenskapane hans er ikkje jakt og fotball. Han bryr seg ikkje aller mest om fjellturar og å trene til maraton.

Han skriv at yndlingstinga hans i livet er poesi, striper, 1800-talshistorie, arkiv og nynorsk. Eg blei like varm i hjartet som karakteren i boka blir. Og tenkte at eg, om eg hadde vore i marknaden, skulle ha sveipa denne karen til høgre sjølv. Spesielt på grunn av nynorsken. Den er ganske sexy. Og det har ikkje berre med nynorskens nye superambassadør Sophie Elise å gjere.

Å skrive nynorsk er å ikkje velje minste motstands veg. Å skrive nynorske bøker, til dømes. La oss vere ærlege mot oss sjølv, alle me som driv med slikt.

Det er, som eit (austlandsk) forlagsmenneske ein gong sa til meg, å «begynne i motbakke kommersielt».

Den største komplimenten me får, er at bokmålsfolk «ikkje merka at dei las nynorsk». Med mindre ein er Jon Fosse, då. Jon Fosse har gjort nynorsk sexy. Det er sexy å vinne nobelprisen i litteratur, trass i at ein gjer det med langt, tjafsete hår og mumlete stemme.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement