Matmonsen

Seterliv

Ulldottar på jobb.
Publisert Sist oppdatert

Sommaren kom, og det gjorde han gud betre til gagns. Kva skulle eg finne på? Skulle eg trykkje meg inn i ein klaustrofobisk stålfugl utan beinplass, ete iskalde «sandwichar» som eg ikkje ville brukt til grevlingåte eingong, presse meg inn i eit toalett på størrelse med eit 10-øres frimerke, for så å forflytte meg sørover til groteske skogbrannar og 44 gradar pluss og der stå i barkø med mjølkekvite britiske ungdomar som styrtar ned sine fyrste øl klokka sju om morgonen, for deretter å slåst med iltre sørtyske fruer for å freiste å sikre meg ein gebrekkeleg strandstol til 30 euro per dag og ende opp med å bade i temmeleg tvilsamt klorvatn fordi stranda er kraftig overbefolka av alle dei ovanfornemnde?

Nei, herr Matmonsen, nei og atter nei. Eg drog på setra i Gausdal.

Nok ein gong.

Det fyrste eg gjorde då bondekona sette meg av på setervollen, var å plassere meg godt ned på utsiktsbenken og berre nyte av naturen de ser på biletet. Der vart eg sitjande. I tre samfulle timar. Eg rørte meg ikkje, eller jo – eg opna sekken og skjenkte meg ein liten maltwhisky, det må vere lov på ferie, polet i Gausdal (Noregs minste?) kunne by på 15 år gammal Fettercairn denne gongen, å hildrande du, eit godt bekjentskap som kan tilrådast for alle som likar slikt. Berre med eit par–tre dropar vatn i, så opnar du smaken ytterlegare.

Eit gjerde, det er det heile eg ser der på benken, og lyng, gras, blomar, sommarfuglar – og sjølvsagt nokre lubne og levande ulldottar, denne gongen to søyer med tre lam kvar, og alle går dei og gnafsar i seg av godsakene, eller kjeklar venskapeleg om plass ved saltsteinen. Ikkje ein bylyd er å høyre, berre klangen frå sauebjøllene, suset frå bekkefaret og ein og annan travel trast, kråke eller svale.

For ein bygut med røter på landet er dette som å kome til barndomsriket.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement