Kunngjeringar
Selskapsleikar
Teikning: May Linn Clement
Det er enno eit stykke igjen, men det nyttar lite å stritta imot, snart er me framme, og det er ikkje til å unngå. Men hastverk er det dummaste eg veit, får berre sjå kor seint det blir. Eg gav beskjed i god tid før fristen gjekk ut, så alt skulle vera i orden. Dei ventar nok, kvifor skulle me elles bli inviterte? Men dei lurer nok på kva som tek så lang tid.
Det er ikkje godt å veta kva slags tilstelling som ventar oss, skal tru om folk allereie er godt i gassen, eller om det går roleg for seg. Eg reknar med at det blir servering, enten det eller så er det nok mogleg å låna kjøkenet og laga noko me har lyst på. Får berre stilla med ope sinn og finna seg ein ledig stol. Du skal ikkje sjå vekk frå at dei som har vore negative og irriterte på at me somlar, vil kjenna ei slags glede når me står andlet til andlet.
Kanskje det er sol når me kjem, og blomane står i full bløming. Varmt og godt slik at det går an å sitja ute utan å frysa nasen av seg. Men det kan òg vera meir fukt og vind, det er så ustadig vêr for tida, og ein kan jo ikkje stole på vêrmeldinga uansett. Ho endrar seg heile vegen. Me satsar på at det ikkje blir så gale når me kjem fram. Eg ser føre meg at folk sit og snakkar saman på alle moglege dialektar og språk, og at det går an å vera seg sjølv utan å få slengt ein masse skit etter seg.
Ting står nok ikkje på same plass som heime. Salt og pepar som plar vera i nærleiken av komfyren, må me kanskje leita etter ei god stund før me finn det gøymt vekk høgt oppe i eit skap. Det er ikkje sikkert at nokon kan forklara kvifor heller. Det er lov å vera skeptisk, men antakeleg er det ingenting å vera redd for.
Får berre håpa me slepp å pina oss gjennom for mykje underhaldning og lange talar om personar mest ingen anar kven er. Etter ei slitsam reise er det best med fred og ro. Den store skrekken er å bli utsett for ein heil haug med selskapsleikar. For eksempel den der kona skal ha bind for auga og prøva å finna mannen sin ved å kjenna på leggane til forskjellige mannfolk som står oppå stolar dei har stilt på ei rekke. Dei fleste motvillig. Utanom ein eller to som alltid må stikka seg fram og nyttar sjansen til å posera og skapa seg litt ekstra, og så endar det med at dei ikkje klarer halda seg frå å le – og blir avslørte. Resten står i ring rundt og godtar seg, enkelte hyler så det skingrar i øyra.
Eller henteleiken, som han blir kalla, der forsamlinga blir delt i to og ein frå kvart lag skal springa rundt og henta ting fortast mogleg. Smykke, Lypsyl, lommetørkle, hatt, ei kvittering, alt mogleg. Det blir garantert masse styr med folk som galdrar seg opp, og det er forventa at alle skal bidra. Plutseleg er det ein som ropar: grå sokk! Og då sit eg slik til at dei kjem imot meg for å prøva å riva av den eine av dei to gråe sokkane eg har på meg.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.