Lita skrift

Satantango

Dans og kroppsleg forfall er ikkje berre eit fenomen ved norske skular, men også eit gamalt motiv i kunsten. Her frå Nürnberg-krøniken frå 1493.
Publisert Sist oppdatert

Det verste eg veit, er å danse. Litt sjølvinnsikt har eg, trass alt, eg som knapt klarer å subbe føtene mine etter meg utan å snuble i dei. Alt er relativt, også kroppskontroll. Det demonstrerer eg som best kvar gong eg, mot betre vitende, lar meg trekke ut på eit dansegolv: Plutseleg ser eg ut som ein avfeldig drankar som freistar kome seg på beina att etter eit hardt fylleslag.

Desse spasmane blei eg tvinga til å demonstrere offentleg i tenåra. På musikklinja var det nemleg obligatorisk med danseundervisning, for det hadde kunnskapsminister Kristin Clemet bestemt i Kunnskapsløftet. Ho hadde neppe sondert terrenget før ho tok avgjerda: Musikkelevar flest er keitete vesen – og vår klasse var ei veritabel oppvisning i kroppsleg armod: ein var plattfot, ein annan hjulbeint, medan eg stod der meir lutrygga enn Ringaren i Notre-Dame.

Men ut på dansegolvet skulle vi, for læreplanen baud opp til dans. Dermed stod vi der, strippa for all sjølvrespekt i kvar vår litt for tronge trikot. Første leksjon, samtidsdans, gjekk toleleg greitt: Her var det berre å vralte gjennom rommet med ujamne steg og krampaktige rørsler. Ikkje ulikt det ganglaget eg har til dagleg, altså.

Verre var då vi skulle over til tango. Danselæraren demonstrerte elegant. Eg følte meg meir som ein elefant, der eg prøvde å øve inn dansetrinna: eitt steg fram, to tilbake – og deretter eit forsøk på tråkke dansepartnaren på tærne. Danseoppvisninga mot slutten av året likna mest på ei form for visuell sjikane. Og dansekarakterane stod att som rykande krater på vitnemålet.

Mange år seinare, i Berlin, blei eg lokka ut på dansegolvet att. Klubblokalet var mørkt, og eg kalkulerte med at det gjekk an å småhumpe litt i eit hjørne utan å bli sett. Der tok eg grundig feil: Ei myndig tysk dørvakt kom bort til meg etter to minutt og bad meg forlate lokalet.

Eg hadde ikkje drukke ei drope alkohol. Men eg klandrar ho ikkje: Ho handla trass alt i estetisk sjølvforsvar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement