I alle år har eg grubla på det store mysteriet: Korleis kan eg stogga ørkenen? Kor vanskeleg kan det vera?
Med tida har eg røynt at eg er i godt lag, me er fleire her i landet som tumlar med slike tankar. Påfallande mange, faktisk. Kan avstand til ørken gje oss eit oversyn som andre vantar?
Norsk ørkenvandring kan for alvor ha teke til då Magnus Brostrup Landstad i nyårsutgåva av Misjonstidende 1859 forkynte: Opløft dit Syn, o kristen Sjæl!/ Det dugger over Dal og Field,/ Det vaares allevegne!/ Gud har sin milde Haand oplukt./ Den gode Sæd har baaret Frugt/ I fjerne Verdens Egne!/ Love Herren./ Ordet sandes./ Ørken vandes,/ Grøden trives.
Misjonen dreiv smått, eitt tre her (svartelista eukalyptus) og eitt der (furu), men med tida balla det på seg. Bellona fekk Yara med på laget i «Sahara Forest Project» i 2012. Dei skulle øva seg i Qatar før dei gjekk laus på mor til alle ørkenar i Afrika. Men «Sahara Forest Project» driv framleis smått i golfen, og siste nyhendet på heimesida er frå 2022...
Det er ikkje lett å stogga ørken, ikkje eingong for nordmenn, viser det seg. Og dyrt, trass i at innsatsfaktorane til Bellona-prosjektet er havet (grenselaust, gratis) og sola (uendeleg, fri energi). Kva kan gå gale?
I mellomtida driv andre nordmenn stort med selskapet «Desert Control», via teknologien Liquid NanoClay (LNC). Dei fekk Røkke og Aker Kapital med på laget, men mykje må ha meir, og selskapet er framleis på leit etter kapital frå den nye basen i USA. «Markedet spør om prosjektet renner ut i sanden», fortel Investornytt.
Prøv Dag og Tid digitalt
49 kr fyrste
månad
Deretter 199 kr/månad. Ingen binding.