Så vart eg visevert
– Eg er her for å leia dykk gjennom denne bryllaupsfesten. Eg er ikkje her for å vera morosam. Så om nokon ler, sender eg vippskrav.
Invitasjonen vart teikna av viseverten. Det var slik dei ville ha det.
Det er berre eit spørsmål om tid før slike som meg, som har stått fram som standupkomikar, vert spurd om å vera visevert i bryllaup.
Då dotter til det eldste syskenbarnet mitt fann det for godt å gifta seg på kort varsel då det lokale Bekkjarvik Gjestgiveri arrangerte drop-in-bryllaup, «nett som i Las Vegas», lokka lokalavisa, var eg ikkje vond å be. Dagen brura vart fødd, 7. desember 1992, er brend fast i minnet mitt. Eg var seks år, og dette var den fyrste babyen i ein ny generasjon av slekta mi. Ho er det næraste eg kjem ei veslesyster.
Drop-in-bryllaup, invitasjonane kom som ei overrasking ein månad tidlegare. Paret skulle viast av ordføraren i ro og mak, deretter feiring for 52 gjestar rundt sju runde bord i gjestgjevarstaden.
– Det er sånn dei vil ha det. Det er deira bryllaup, sa brudgommens mor, kanskje mest til seg sjølv.
– Det er ikkje slik ein har pleidd å gjera det på Hundvåkøy, men dei må få gjera det slik dei vil.
Brudgommen kjem frå Hundvåkøy, nord i Austevoll. Tradisjonelt sett er folk betre økonomisk stilte på Hundvåkøy enn på Haukanes, der brura kjem frå, og der eg bur.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.